Veg-, areal- og planforvaltar
Vil du vere med å forme framtidas veg- og transportløysingar i Bergensområdet?
Kontaktperson
Vårt fagmiljø betrar trafikktryggleiken og gjer transportsystemet meir effektivt og berekraftig. Vi ønskjer deg som ein viktig ressurs i dette spennande arbeidet vårt. Hovudoppgåva di vil vere å følge opp areal- og transportplanlegginga i kommunane.
I seksjon for transportforvaltning vil du ta avgjerder som påverkar folk sin kvardag. Vi behandlar saker knytt til veglov, vegtrafikklov og plan- og bygningslov, og samarbeider tett med kommunar og fylkeskommunar. På kontoret i Bergen er vi 16 tilsette som jobbar i 15 kommunar i og rundt Bergen for å gjere vegane endå betre og tryggare. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer som dekker ulike fagområde.
Kontorstad for stillinga er Bergen.
Kva skal du jobbe med?
- Plan, veg- og arealforvaltning av overordna transport- og vegnett i Bergensområdet.
- Vere ein pådrivar og arbeide med oppfølging av samfunnsviktige prosjekt og arealplansaker om tema som veg, trafikk, tettstadsutvikling og transportplanlegging.
- Behandle og gi uttale til arealplanar og dispensasjonar etter plan- og bygningslova.
- Behandle saker etter veglova som omfatta mellom anna søknad om avkøyrsler og søknad om dispensasjon frå byggegrense til riksveg.
- Bidra til å utvikle miljøvenlege areal- og transportløysingar som støttar berekraftsmåla.
- Samarbeid med utbyggjarar og ansvar for å inngå gjennomføringsavtaler med eksterne aktørar.
Kompetansekrav
- Minimum tre års utdanning frå universitet eller høgskule. Relevant utdanning kan t.d. vere teknisk utdanning med veg, samferdsle eller arealplanlegging i fagkretsen. Relevant praksis innan dei aktuelle oppgåvene og gode personlege føresetnader for stillinga kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Det er ein fordel med relevant praksis frå dei aktuelle fagområda.
- Vi ser også etter kandidatar som har praktisk erfaring frå veg- og anleggsverksemd.
- Evne til å samarbeide internt og eksternt, og vere aktivt med på å skape eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø.
- Gode kommunikasjonsevner i norsk, både skriftleg og munnleg.
- Evne til å vere strukturert, ta initiativ, vere løysingsorientert og jobbe sjølvstendig.
- Evne til å handtere innspel og engasjement frå dei partane sakene gjeld.
- Digital kompetanse.
- Førarkort klasse B.
Vi vil oppfordre deg som er nyutdanna innan veg, samferdsle eller arealplanlegging til å søke stillinga.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Stillingsinfo
Kontaktperson
Stillingstyper
Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.
Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.
Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.