Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Utekontrollør

Bli ein av dei nye utekontrollørane våre for tunge køyretøy!

Statens vegvesenStavanger eller Stord14. november 2023
Søk her

Kontaktpersoner

Paal Fossan

Kontorsjef

+47 478 03 188

Erik Wolff

Seksjonssjef

Utekontrollavdelinga i Statens vegvesen har ansvar for etatens kontroll av kjøyretøy og trafikantar langs veg. Gjennom planmessig kontrollaktivitet, skal me ivareta trafikksikkerha med 0-visjonen som utgangspunkt, samt bidra til like konkurransevilkår i transportbransjen.

Me søkjer to kollegaer i Stavanger og ein på Stord til å ta del i dette viktige arbeidet.Stillingane har tenestestad/kontorstad på Stavanger trafikkstasjon og ved Stord kontrollstasjon. Søkare utanfor desse områda vil også bli vurdert.

Du vil jobba etter fastsatt arbeidsplan/turnus, hvor noko av arbeidstida faller på kveld/natt og helg. Stillinga innebærer noko reisevirksomhet.

Arbeidsoppgåver

Hovedtyngda av oppgåvene vil være teknisk og bruksmessig kontroll av kjøretøy langs veg, fortrinnsvis tunge kjøretøy.

Trafikktryggleiksarbeidet blir også gjort i samarbeid med Politiet, Tollvesenet, Arbeidstilsynet og andre offentlege etatar. Andre arbeidsoppgåver kan påleggjast etter behov.

Du vil også jobba med saksbehandling og administrative oppgåver knyttet til vår kontrollvirksomheit.

Du skal forvalta lov og forskrift i direkte dialog med kunden.

Du må difor sjå det som ein positiv utfordring å møta folk på ein god måte, samtidig som du ivaretek myndigheitsrolla. Evne og motivasjon til å setja seg inn i og forvalta regelverket er vesentleg.

Kompetansekrav

Du må ha:

  • ingeniørutdanning, teknisk fagskole eller har fagbrev som mekanikar (kjøretøy, landbruk, anleggsmaskin)
  • førerkort i klasse B, samt fylla vilkårene for førarrett i de andre førerkortklassane
  • god muntlig og skriftlig fremstillingsevne i norsk
  • muntlig fremstillingsevne på engelsk
  • god erfaring med bruk av digitale verktøy

Det er en fordel dersom du har:

  • gjennomført og bestått kurs i Periodisk kjøretøykontroll (PKK), godkjent av bilbransjen
  • førerkort i klassene CE og DE
  • god muntlig og skriftlig fremstillingsevne innen fleire språk

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, anbefala me ein autorisert oversetting av dine papir og godkjenning frå HKDIR

Den som blir tilsett må gjennomføra etatens modulbaserte opplæring. Dette er ei samlingsbasert opplæring (samlingar med inntil ei vekes varigheit) og e-læring med praksisrettleiing på eigen arbeidsplass i tillegg.

I tillegg til faglege kvalifikasjonar, leitar me også etter rette eigenskapar, haldningar og motivasjon. Til denne stillinga er me på utkikk etter ein kollega som

  • har ei genuin interesse for tungbilfaget
  • er sosial og kommuniserer godt med andre
  • er roleg og besluttsom i krevjande situasjoner
  • samarbeider godt og er ein god lagspiller
  • har ein høy etisk standard og er lojal og pliktoppfyllande i samarbeid med andre
  • har evne til å jobba sjølvstendig, systematisk og nøyaktig etter gjeldande rutiner
  • er en bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø

Plettfri vandel er ein forutsetning, og personleg eignaheit vert tillagt stor vekt.

Kvifor skal du velga oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsløysingane på ditt fagfelt. Me gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikla deg, både fagleg og personleg, i takt med dei nye utfordringane i samfunnet. Me tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Me tilbyr deg også desse goda:

  • avtale om fleksibel arbeidstid og høve for avspasering etter avtale
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Løna blir avtalt nærare i samsvar med vår lønspolitikkKrav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ønskjer å vera ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Me har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunnar, erfaringar, kompetansar og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Me oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil me kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservera deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss me ikkje kan ta ønsket ditt til følgje, tek me kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Nærmare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakta kontorsjef Paal Fossan på tlf. +47 478 03 188 eller seksjonssjef Erik Wolff tlf. +47 414 76 950

Har du spørsmål ifm. utfylling av elektronisk CV, kan du kontakta kundeservice hos Jobbnorge på e-post: kundeservice@jobbnorge.no eller ringe på tlf. +47 755 42 220.

Stillingsinfo

Frist14. november 2023
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktpersoner

Paal Fossan

Kontorsjef

Erik Wolff

Seksjonssjef


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.