Trafikkoperatør

Trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen vest

Statens vegvesen Bergen26. august 2025
Søk her

Kontaktperson

Lene Westrheim

Kontorsjef

lene.westrheim@vegvesen.no

Nøkkelord

TrafikkoperatørVegtrafikkVegtrafikksentralenTurnusTrafikksikkerhet

Vi styrkjer laget og søkjer nye trafikkoperatørar til vegtrafikksentralen i Bergen.

Vegtrafikksentralane (VTS) er Statens vegvesens operative beredskapseining og er bemanna døgnet rundt, heile året. Dei har som nasjonal oppgåve å overvake og styre vegtrafikken for fylkeskommunane, Statens vegvesen og Nye Veier. Dei varslar og formidlar informasjon om status og hendingar på vegnettet. Dei fem sentralane er plassert i Oslo, Porsgrunn, Bergen, Trondheim og Mosjøen, og har ansvar for kvart sitt geografiske område.

VTS er døgnopen, og alle trafikkoperatørar går turnus med arbeid kvar 3. helg, i ein tredelt skiftplan med vakter på dag, kveld og natt. I helgene er det12 timars skift, med anten dag- eller nattarbeid.

Arbeidsoppgaver

Dei viktigaste oppgåvene til ein trafikkoperatør er styring og overvaking av vegnettet og vegtrafikken, samt formidling av trafikkinformasjon. Trafikkmeldingane vi lagar om hindringar på vegnettet, blir distribuerte via vegvesen.no/trafikk. Vegtrafikksentralane har i tillegg tett kontakt med media kvar dag, og vi betener også publikumstelefonen 175. Ved hendingar skal VTS ta ansvar og sette i verk naudsynte tiltak. Dette inneber utstrekt bruk av dataverktøy med loggføring, fjernstyring av tekniske installasjonar, handtering av tekniske alarmar, varsling og samarbeid med entreprenørar og politiet.

Ved spesielle hendingar, som trafikkulukker eller hendingar i tunnel, vil ein trafikkoperatør kunne ta imot naudtelefonar, handtere mange oppgåver samstundes, og framleis ha evna til å vurdere situasjonar ut frå eit tryggleiksperspektiv. Dette krev tett samarbeid med kollegaer, naudetatar, entreprenørar, byggherrar og dialog med publikum og media. Du vil òg yte beslutningsstøtte for drift og vedlikehald av vegar og veginstallasjonar.

Kvalifikasjonskrav

Du må ha

  • Minst 2 års utdanning på høgskulenivå innan relevante fagfelt, som operativ utdanning, veg og trafikk, eller media/kommunikasjon. Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
  • God forståing og ferdigheiter i bruk av dataverktøy, kartverktøy, og kunnskap om veg og trafikk.
  • Evne til å kommunisere presist munnleg på norsk og engelsk, samt god skriftleg formuleringsevne.
  • God simultankapasitet, konsentrasjonsevne og evne til å gjere vurderingar basert på rutinar og prosedyrar.
  • Førarkort klasse B.

Det er ønskeleg med

Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver, samt vilje og evne til å arbeide turnus (spesielt natt). Alle operatørar er ein del av ein fast turnus

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • er tryggleiksmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet
  • er sjølvstendig, ansvarsfull og har evna til å ta initiativ for å oppnå resultat
  • har gjennomføringsevne og klarer å oppretthalde engasjement for å nå mål
  • evnar å jobbe strukturert og systematisk etter prosedyrar og retningslinjer
  • er analytisk, oppfattar det vesentlege og tek sunne og rasjonelle val, også i stressande situasjonar der oppgåver må prioriterast
  • har gode samarbeidsevner og bidreg positivt inn i teamarbeid

Hvorfor skal du velge oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfylte oppgåver som gjer at du kan utvikle deg både fagleg og personleg. Dei som trivst og lykkast i stillinga, er komfortable med å styre og overvake vegnettet, i tett kontakt med publikum og kollegaer ved bruk av nødvendig teknisk utstyr. Dei får energi av å omstille seg raskt for å ta ansvar i stressituasjonar som tidvis oppstår.

Hos oss blir du ein del av eit engasjert og profesjonelt fagmiljø som deler kunnskap og arbeider tett saman med kollegaer i utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Medarbeidarane seier dei opplever ein spennande arbeidskvardag med samfunnsnyttige oppgåver og at stillinga gir god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr

Statens vegvesens obligatoriske opplæringsprogram for trafikkoperatørar består av lokal opplæring og Trafikkoperatørstudiet, som inneber noko reiseaktivitet og eigenstudium. Dette leiar fram til autorisasjon gjennom ein teoretisk og ein praktisk prøve.

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfylte oppgåver, og du vil få utvikle deg både fagleg og personleg, i takt med samfunnets nye utfordringar. Vi tek godt imot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø over heile landet. I tillegg tilbyr vi ei god pensjonsordning, yrkesskadeforsikring og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse.

Løn blir avtalt i samsvar med vår lønnspolitikk. I denne stillinga blir det utbetalt tillegg for ubekvem arbeidstid i tråd med gjeldande avtaleverk.

Om søknadsprosessen

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring", og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Testar og bakgrunnssjekk

Arbeidspsykologiske testar kan inngå som ein del av vår rekrutteringsprosess, for å vurdere eigenskapar, ferdigheiter og eignaheit hos kandidatane for stillinga. Slike testar kan bidra til å støtte ei rettferdig og objektiv vurdering av kandidatane, og hjelpe oss med å finne den mest kvalifiserte personen til stillinga. Vi nyttar òg bakgrunnssjekk på utvalde stillingar for å verifisere og hente inn informasjon som kan ha betydning for rekrutteringsprosessen.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen set pris på mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på DFØ Arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservere deg mot oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngivast. Dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Stillingsinfo

Frist26. august 2025

Kontaktperson


Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.