Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Trafikkoperatør

Vi styrkjer laget og søkjer nye trafikkoperatørar til vegtrafikksentralen i Bergen

Statens vegvesenBergen23. april 2025
Søk her

Kontaktperson

Lene Westrheim

Leiar

+47 984 15 913

Vegtrafikksentralane (VTS) er Statens vegvesens operative beredskapseining og er bemanna døgnet rundt, heile året. Dei har som nasjonal oppgåve å overvake og styre vegtrafikken for fylkeskommunane, Statens vegvesen og Nye Veier. Dei varslar og formidlar informasjon om status og hendingar på vegnettet. Dei fem sentralane er plassert i Oslo, Porsgrunn, Bergen, Trondheim og Mosjøen, og har ansvar for kvart sitt geografiske område.

VTS er døgnopen, og alle trafikkoperatørar går turnus med arbeid kvar 3. helg, i ein tredelt skiftplan med vakter på dag, kveld og natt. I helgene er det12 timars skift, med anten dag- eller nattarbeid.

Arbeidsoppgåver

Dei viktigaste oppgåvene til ein trafikkoperatør er styring og overvaking av vegnettet og vegtrafikken, samt formidling av trafikkinformasjon. Trafikkmeldingane vi lagar om hindringar på vegnettet, blir distribuerte via vegvesen.no/trafikk. Vegtrafikksentralane har i tillegg tett kontakt med media kvar dag, og vi betener også publikumstelefonen 175. Ved hendingar skal VTS ta ansvar og sette i verk naudsynte tiltak. Dette inneber utstrekt bruk av dataverktøy med loggføring, fjernstyring av tekniske installasjonar, handtering av tekniske alarmar, varsling og samarbeid med entreprenørar og politiet.

Ved spesielle hendingar, som trafikkulukker eller hendingar i tunnel, vil ein trafikkoperatør kunne ta imot naudtelefonar, handtere mange oppgåver samstundes, og framleis ha evna til å vurdere situasjonar ut frå eit tryggleiksperspektiv. Dette krev tett samarbeid med kollegaer, naudetatar, entreprenørar, byggherrar og dialog med publikum og media. Du vil òg yte beslutningsstøtte for drift og vedlikehald av vegar og veginstallasjonar.

Kompetansekrav

Du må ha

  • Minst 2 års utdanning på høgskulenivå innan relevante fagfelt, som operativ utdanning, veg og trafikk, eller media/kommunikasjon. Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
  • God forståing og ferdigheiter i bruk av dataverktøy, kartverktøy, og kunnskap om veg og trafikk.
  • Evne til å kommunisere presist munnleg på norsk og engelsk, samt god skriftleg formuleringsevne.
  • God simultankapasitet, konsentrasjonsevne og evne til å gjere vurderingar basert på rutinar og prosedyrar.
  • Førarkort klasse B.

Det er ønskeleg med

  • Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver, samt vilje og evne til å arbeide turnus (spesielt natt). Alle operatørar er ein del av ein fast turnus.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • er sjølvstendig, ansvarsfull og har evna til å ta initiativ for å oppnå resultat
  • har gjennomføringsevne og klarer å oppretthalde engasjement for å nå mål
  • evnar å jobbe strukturert og systematisk etter prosedyrar og retningslinjer
  • er analytisk, oppfattar det vesentlege og tek sunne og rasjonelle val, også i stressande situasjonar der oppgåver må prioriterast
  • har gode samarbeidsevner og bidreg positivt inn i teamarbeid

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Testar og bakgrunnssjekk

Vi bruker arbeidspsykologiske testar for å vurdere kandidatars eigenskapar, ferdigheiter og kvalifikasjonar for stillinga. Desse testane bidreg til å sikre ei rettferdig og objektiv vurdering av alle kandidatar, og dei hjelper oss med å finne den mest kvalifiserte personen for stillinga. Vi bruker også bakgrunnssjekk på utvalde stillingar for å verifisere og søkje etter informasjon som kan ha noko å seie for rekrutteringsprosessen.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt leiar Lene Westrheim på telefon 984 15 913

Stillingsinfo

Frist23. april 2025

Kontaktperson

Lene Westrheim

Leiar


Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.