
Testutviklarar
Er du ein testar som kan kode eller er du ein «kodar» som kan teste?
Nøkkelord
Vil du vere med å sikre kvaliteten i digitale løysingar som blir brukte av heile befolkninga?
Vi søkjer no dyktige og engasjerte testutviklarar til to sentrale område: Nasjonal vegdatabank (NVDB) og Trafikantporteføljen.
NVDB er ei nasjonal fellesteneste og utgjer sjølve fundamentet for digital forvaltning av norske vegar. Her finn du den offisielle informasjonen om vegnettet – data som blir brukte til alt frå ruteplanlegging og framkomme til navigasjon og trafikktryggleik. NVDB sørgjer for at både du og bilens GPS har tilgang til oppdaterte fartsgrenser og vegdata – kvar einaste dag. Som testutviklar i NVDB vil du vere med på å sikre kvaliteten i ei løysing som er avgjerande for både offentleg forvaltning og privat bruk.
Arbeidsstad NVDB: Trondheim
Trafikantporteføljen har ansvar for utvikling av fleire av Statens vegvesens mest brukte tenester innanfor førarkort og føraropplæring. Som testutviklar i Trafikant vil du bidra til å sikre at desse løysingane er stabile, brukarvennlege og tilgjengelege for alle.
Arbeidsstad Trafikant: Drammen, Moss eller Bergen
Arbeidsoppgåver
Som testutviklar får du rolla som testansvarleg i team med ansvar for å:
- Etablere og implementere prosessar som varetek tidleg og effektiv testing
- Innarbeide beste praksis for å verifisere funksjonelle og ikkje-funksjonelle krav
- Etablere godt samarbeid med teamet for å sikre at test blir integrert i heile utviklingsløpet
- Sørgje for at produktrisikoanalysen er integrert i utviklingsprosessen
- Utvikle, halde ved like, køyre og analysere automatiserte testar/-resultat
- Bistå i verdikjedetest
- Avvikshåndtering og feilsøking
Om teamet og fagmiljøet
Du vil jobbe i eit tverrfagleg produktteam med høg kompetanse og stort engasjement. Vi jobbar innsiktsbaserte etter smidige prinsipp, med stor grad av sjølvstyring, tillit og ansvar.
Du blir ein del av fagseksjonen Testsenter IT, som består av 20 dyktige testleiarar og testutviklarar med variert bakgrunn og erfaring. Seksjonen har nærvær i Drammen, Moss, Trondheim og Bergen, og vi samarbeider tett på tvers av lokasjonar.
Vi har eit sterkt fokus på kunnskapsdeling og fagleg utvikling. Her møter du ein uformell tone, stor takhøgd og eit inkluderande miljø der du får høve til å vekse – både fagleg og personleg.
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
- God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
- Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
- Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
- Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kvalifikasjonskrav
Du må ha:
- Høgare relevant utdanning på bachelornivå. Lang relevant erfaring kan eventuelt kompensere for noko av kravet til utdanning.
- Erfaring med programmeringsspråk som Java, JavaScript, Python og C#
- Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, då det er arbeidsspråket vårt
Det er i tillegg ønskjeleg at du har:
- Erfaring med ulike testrammeverk og -verktøy, som Playwright, BurpSuite og Jira Xray er ønskjeleg
- Kunnskap om WCAG-standardar, skjermlesarar og tilgjengelegheitstesting er ein fordel
- Kjennskap til OWASP og tryggingstesting er ein fordel
- Erfaring med CI/CD-integrasjon og DevOps er ein fordel
- Ein eller fleire testsertifiseringar er ønskjeleg
Ser du nokon teknologiar eller system i lista over du ikkje er kjend med? Ingen grunn til bekymring, vi lærer deg gjerne det du måtte trenge for å kunne fungere i rolla, så lenge det grunnleggjande er på plass.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir
Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt.
Personlege eigenskapar:
- Du er gjennomgåande oppteken av kvalitet i leveransane dine
- Du har ei teknisk bakgrunn og forståing
- Du er ein omgjengeleg person, som trivst like mykje å jobbe sjølvstendig, som i team
- Du er like glad i å lære som du er i å lære bort kunnskapen som du sit på
- Du er nysgjerrig på moglegheiter teknologi gir for prosessforbetring, effektivisering og utvikling
- Du er analytisk og strukturert
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Om søknadsprosessen
Krav til søknaden
Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekk
For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finn den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandling
Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Stillingsinfo
Kontaktperson
Stillingstyper

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.
Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.
Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.