Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Seksjonsleiar

Vil du vera med å ta vare på riksvegane våre i Midt-Noreg?

Statens vegvesenFlere lokasjoner15. september 2023
Søk her

Å ta godt vare på det vi har, er noko av det finaste vi kan gjere for samfunnet og klima. Det set vi mål av oss å gjere, og søkjer no ein leiar som også ser dette som eit viktig samfunnsansvar.

Divisjon drift og vedlikehald har ansvaret for å vareta vegeigarskapen på eksisterande riksvegar, drift av riksvegferjesamband og dessutan planleggja og gjennomføra mindre utbyggingsprosjekt.Me er 68 tilsette i Avdeling drift og vedlikehald midt som dekkjer fylka Trøndelag og Møre og Romsdal, og består av 3 seksjonar og avdelingsleiar med stab.

Som leiar på seksjon for Vedlikehold vil du ha budsjettansvar og personalansvar. Me har per tid 16 tilsette i seksjonen ved kontorstadene våre i Steinkjer, Trondheim og Molde, din kontorstad vil fortrinnsvis vera Trondheim eller Molde. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan andre kontorstader vurderast.

Som seksjonsleiar vil du

  • ha overordna ansvar for bruforvaltning, tilstandsvurdering og planlegging av vedlikehaldstiltak og styre vedlikehaldskontraktar for veg, bru, kai, dekkelegging og vegoppmerking
  • lede, koordinera og utvikla dine tilsette og oppgåvene deira og tilrettelegge for godt samarbeid og bruk av kompetanse på tvers av seksjonane
  • rapportere og følgja opp ansvar for økonomi, HMS og kvalitet og bidra i arbeidet vårt med utvikling av kontraktsporteføljen vår og styring av denne
  • bidra til godt samarbeide med andre avdelingar og divisjonar i Statens vegvesen, media og eksterne
  • vera ein del av og bidra aktivt inn i leiargruppa til avdelinga

Kompetansekrav

Du har relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå, minimum 3 år. Omfattande og relevant leiarerfaring eller erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensera for manglande formell utdanning.

Førarkort kl. B er eit krav då stillinga inneber noko reiseverksemd.

Vidare ønskjer me at du har

  • relevant leiarerfaring og erfaring frå fagområda til seksjonen
  • erfaring med oppfølging av kontraktar og styring av kontraktsporteføljar
  • erfaring med rapportering og oppfølging av økonomi, HMS og kvalitet
  • god og nødvendig digital kompetanse

Me vektlegg personlege eigenskapar og som leiar er du

  • samlande, motiverande og har gode samarbeidsevner
  • strukturert, sjølvstendig og oppteke av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • dyktig til å balansera operativt og strategisk arbeid og opptatt av å løysa samfunnsoppdraget vårt på best mogleg måte
  • god til å uttrykkja deg både skriftleg og munnleg
  • ein som handterar korte fristar og høgt arbeidspress og har god gjennomføringsevn

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Les dette før du søkjer!

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsløysingane på ditt fagfelt. Me gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikla deg, både fagleg og personleg, i takt med dei nye utfordringane i samfunnet. Me tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Me tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Din lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ønskjer å vera ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Me har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunnar, erfaringar, kompetansar og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Me oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil me kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservera deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngivast. Viss me ikkje kan ta ønsket ditt til følgje, tek me kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt leiar Ruth Myklebust

Stillingsinfo

Frist15. september 2023
ArbeidsspråkNorsk

Industrier

Bygg og anlegg,Samferdsel og infrastruktur

Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.