Seksjonsleiar Plan og utbygging Vest 2, vikariat
Er du den me ser etter?
Kontaktperson
Viss du ser etter ein jobb kor det skjer mykje, kor du kan bidra til utvikling av samfunnet vi lever og bur i, kor du får mange og ulike utfordringar og kor du kan ha ei fagleg utvikling – ja, da kan dette være akkurat den jobben du er på jakt etter.
Divisjon Drift og Vedlikehald har ansvar for drift, vedlikehald og mindre utbygging på riksvegnettet. Divisjon drift og vedlikehald søkjer etter vikar seksjonsleiar for Plan og utbygging Vest 2. I seksjonen vil det være ca. 17 medarbeidara som er fordelt på kontorstad Stavanger, Haugesund og Stord. Kontorstad for seksjonsleiar er Stavanger eller Haugesund. Seksjonen skal ivareta utbyggingsprosjekt på riksveg innafor Rogaland og sørlege deler av Vestland. Vikariat fram til og med desember 2025.
Arbeidsoppgåver
Dine arbeidsoppgåver som seksjonsleiar vil være leiing av seksjonen som fagleg leiing, koordinering og utvikling av tilsette og arbeidsoppgåver i seksjonen. Du vil også ha tett samarbeid med andre avdelingar samt bidra inn i avdelinga si leiargruppe.
Kompetansekrav
Vi søkjer deg som har minimum tre års relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå, primært innanfor tekniske fag. I tillegg er det ynskjeleg at du har leiarerfaring. Lang og relevant leiarerfaring eller erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.
Krav om sikkerhetsklarering eller at dette kan givast.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Statens vegvesen har tre verdiar. Vi skal være profesjonelle, framtidsretta og inkluderande.
Som leiar av seksjonen er det viktig at du:
- kommuniserer og samhandlar godt, er løysningsorientert og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
- engasjerer medarbeidara og samarbeidspartnara til å tenkje i framover og vurdere kva krav dette stiller til våre leveransar
- arbeide målretta for at Statens vegvesen skal være imøtekommande, ha omtanke for omgivelsene og være tilgjengelig
Alle leiarar i Statens vegvesen må være bevisst det ansvaret dei har som rollemodellar og kulturskapar.
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Fleire opplysningar om stillinga kan du få hjå avdelingsdirektør Svenn Finden, tlf. +47 951 86 14, eller e-post: svenn.finden@vegvesen.no.
Stillingsinfo
Kontaktperson
Stillingstyper
Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.
Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.
Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.