Fristen for annonsen har gått ut

Seksjonsleiar Geomatikk

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø

Statens vegvesenBergen4. september 2024
Søk her

Kontaktperson

Margot Aase Åsebø

Avdelingsdirektør

+47 951 91 902

Geomatikk utbygging har fagressursar som utfører oppdrag innan geomatikk i plan- og byggefase på utbyggingsprosjekt; eigedomslandmåling, landmåling, kartgrunnlag, terrengmodell, fastmerke, oppfølging og kontroll av kvalitet og mengde. Seksjonen tel i dag 31 medarbeidarar, pluss seksjonssjef, og er organiserte i to faggrupper, eigedomslandmålarar og geomatikarar.

Kontorstad for seksjonssjef er i utgangspunktet Bergen, men andre av våre hovudkontor kan vurderast.

Arbeidsoppgåver

Som seksjonssjef vil arbeidsoppgåvene dine vere dagleg leiing av seksjonen, inkludert personal- og resultatansvar. Du skal legge til rette for utvikling av kompetanse og kapasitet innanfor seksjonen og avdelinga sitt arbeidsområde, og sørge for både personleg og fagleg utvikling for dine medarbeidarar. Du vil ha tett samarbeid med andre seksjonar og bidra inn i leiargruppa i avdelinga.

Seksjonen har i dag tilsette ved fleire lokasjonar i ulike delar av landet, og ein må rekne med noko reiseaktivitet i stillinga.

Kompetansekrav

  • Minimum 3 års utdanning frå universitet eller høgskule med relevant fagkrins
  • God framstillingsevne på norsk, skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B

Det vil vere ein fordel om du har leiarerfaring med personalansvar og relevant erfaring innan seksjonen sitt ansvarsområde

Personlege egenskapar som vil bli vektlagt

  • Du er god på å samarbeide i tverrfaglege miljø og du likar å bidra til kreativitet og erfaringsutveksling
  • Du ser nytten i bruk av ny teknologi og er interessert i å bidra til utvikling
  • Du er interessert i personalleiing og utvikling av medarbeidarar i rolla deira i prosjekta
  • Du er ein positiv lagspelar som tek initiativ og er løysingsorientert
  • Du samarbeider godt med andre og trivst med å jobbe med fleire oppgåver samtidig

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med avdelingsdirektør Margot Aase Åsebø på

mobil +47 951 91 902.

Stillingsinfo

Frist4. september 2024

Kontaktperson

Margot Aase Åsebø

Avdelingsdirektør


Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig,Ledelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.