Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Seksjonsleiar drift

Vil du være med å ta vare på samfunnet og klimaet?

Statens vegvesenStavanger13. august 2023
Søk her

Kontaktperson

Svenn Finden

Avdelingsdirektør

+47 951 48 614

Er du den vi ser etter?

Å ta godt vare på det vi har, er noko av det finaste vi kan gjere for samfunnet og klima. Det set vi mål av oss å gjere, og søkjer no ein leiar som også ser dette som eit viktig samfunnsansvar.

På Divisjon drift og vedlikehald søkjer vi etter seksjonsleiar for Drift Vest 3. Her vil du leie arbeidet med driftskontrakter på veg og elektro innafor Rogalandsområdet, Vest3. I seksjonen vil det vere rundt 20 medarbeidarar som er fordelt på kontorstad Stavanger, Haugesund og Egersund. Kontorstad for seksjonsleiar er Stavanger.

Arbeidsoppgåver

Som seksjonsleiar vil ditt ansvar vere fagleg leiing av seksjonen, koordinering og utvikling av tilsette og arbeidsoppgåver i seksjonen. Du vil også ha tett samarbeid med andre seksjonar og avdelingar, samt inngå i avdelinga si leiargruppe.

Kompetansekrav

Vi søkjer deg som har minimum tre års relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå, primært innanfor tekniske fag. I tillegg er det ønskjeleg at du har leiarerfaring. Lang og relevant leiarerfaring eller erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.

Det vil vere krav om sikkerhetsklarering eller at dette kan bli gitt.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, anbefaler vi ein autorisert omsetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no)

Personlege eigenskapar

Statens vegvesen har tre verdiar som vi ønskjer å etterleve: Vi skal vere profesjonelle, framtidsretta og inkluderande.

Som leiar av seksjonen er det viktig at du:

  • kommuniserer og samhandlar godt, er løysningsorientert og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
  • engasjerer medarbeidarar og samarbeidspartnarar til å tenkje i framtidsscenario og vurdere kva krav dette stiller til våre leveransar
  • arbeider målretta for at Statens vegvesen skal vere imøtekommande, ha omtanke for omgjevnadene og vere tilgjengeleg

Alle leiarar i Statens vegvesen må vere bevisst det ansvaret dei har som rollemodellar og kulturskaparar.

Kvifor skal du velge oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi trenger medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Hos oss får du:

  • Ei kontinuerleg vidareutvikling av kompetansen, som ein naturleg del av kvardagen
  • leiarutviklingsprogram
  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Moglegheit for 1 time trening i arbeidstida kvar veke, eller treningsstøtte til andre aktivitetar
  • pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse

Løn blir avtalt nærmare i samsvar med vår lønnspolitikk.

Les dette før du søkjer!

Fyll inn søknadsskjemaet nøyaktig! På grunn av krava til utvida søkerlister må felta for utdanning og erfaring fyllast ut. Det er ikkje tilstrekkeleg å kun legge ved CV. Legg også ved relevante vitnemål og attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfold gjer at vi blir betre på å løyse oppgåvene våre. Vi ønskjer gjerne medarbeidarar med nedsett funksjonsevne, innvandrerbakgrunn eller hull i CV’n. Om du kan krysse av for dette i jobbsøkarportalen, oppfordrar vi deg til å gjere det. Får du jobben, vil vi naturlegvis legge forholda til rette dersom du treng det. Avkrysningane blir brukt til å sørge for at vi velgjer ut dei rette kandidatane, i tillegg til anonymisert statistikk.

Søkarlista er offentleg

Alle henvendingar vil bli behandla konfidensielt. Åpenheit og innsyn i forvaltninga er viktig, derfor vil alle som søker hos oss bli sett opp på den offentlege søkarlista om dei ikkje oppgir ein god grunn for unntak. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følgje.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt gjerne vår samarbeidspartner på rekruttering i Jefferson Wells Torill Eidsheim, tlf. +47 993 25 710 eller avdelingsdirektør Svenn Finden, tlf. +47 951 48 614.

Søknadsfrist: 13. august 2023

Stillingsinfo

Frist13. august 2023
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Svenn Finden

Avdelingsdirektør


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.