Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Seksjonsleiar

Er du klar til å leie vegen mot betre trafikktryggleik?

Statens vegvesenStavanger, Haugesund20. august 2024
Søk her

Kontaktperson

Tone Oppedal

Avdelingsleiar

tone.oppedal@vegvesen.no

Ønskjer du å leie ein seksjon med ansvar for å styrke Statens vegvesen som den fremste samfunnsaktøren innan veg og vegtransport, regionalt og lokalt i Rogaland? Da kan du vere leiaren vi treng til vår seksjon, Transportforvaltning vest 2! Vi har myndigheitsoppgåver etter vegtrafikklova, veglova og plan- og bygningslova. Du vil leie og utvikle ein seksjon med dyktige medarbeidarar, gjennom innhaldsrike og givande dagar, i eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø.

Kontorstad for stillinga er Stavanger men Haugesund kan vurderast for spesielt kvalifiserte søkarar.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil vere knytt til leiing av seksjonen, med ansvar for personell, økonomi, fagleg kvalitet og leveransar frå seksjonen. Seksjonsleiar vil vere ein del av leiinga i avdeling Transport vest og inngå i avdelingsdirektørens leiargruppe. Ei viktig oppgåve vil vere å delta i utviklinga av seksjonen og bidra til utvikling av transportforvaltninga i etaten. Stillinga vil medføre ein del ekstern kontakt og samarbeid med fylke, kommunar og lokale aktørar innan samferdsle og mobilitet.

Arbeidsområde som seksjonen dekker er til dømes å gi uttale til arealplan, handsame søknader om avkøyrsler og dispensasjonar frå byggegrenser for riksveg, og gjere vedtak for riks- og fylkesveg på arbeidsvarsling, skilt, vegoppmerking, trafikklyssignal, arrangement, reklame og sykkelritt. Vi syter for ulukkesregistrering, og deltek i regionalt og lokalt trafikktryggleiksarbeid.

Kvalifikasjonskrav

Du har minimum treårig relevant utdanning frå universitet eller høgskole, innan til dømes fagområde som jus, vegplanlegging, trafikkteknikk, fysisk planlegging, arealplan eller leiing. Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Du må òg ha:

  • Kompetanse på og interesse for digitale verktøy
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Førarkort klasse B på grunn av ein del reiseverksemd
  • Tryggleiksklarering eller kunne klarerast etter tryggleikslova

Dessutan kan det vere en fordel om du har:

  • Erfaring frå eit av seksjonen sine fagområde
  • Erfaring med rapportering og oppfølging av HMS

Kven er du?

Vi ser etter ein trygg, tydeleg og innovativ leiar med gode samarbeidsevner, som har evna til å leie, utvikle og motivere dyktige medarbeidarar på ein god og framtidsretta måte. Det er viktig å kunne ta avgjerder knytt til forvaltningsansvaret, der omsynet til lovverk og reguleringar blir vareteke saman med omsynet til lokale ønskjer og behov, slik at vi bidreg til å finne gode løysingar som støttar lokal og regional utvikling.

Det er viktig at du er strukturert og effektiv, og klarar å finne balansen mellom operativt og strategisk arbeid og mellom fag og forvaltning – både for medarbeidarane dine og deg sjølv.

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med avdelingsleiar Tone Oppedal på e-post tone.oppedal@vegvesen.no eller på mobiltelefon 95 04 60 56.

Stillingsinfo

Frist20. august 2024
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Tone Oppedal

Avdelingsleiar


Stillingstyper

Offentlig,Fast ansettelse,Ledelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.