Fristen for annonsen har gått ut

Seksjonsleder for konseptutvikling

Vil du leie tverrfagleg samarbeid og skape varige resultat?

Statens vegvesenMoss30. mai 2025
Søk her

Kontaktperson

Linn Raknes Solbakken

Leiar

+47 988 79 579

Statens vegvesen satsar på digital innovasjon – vil du vere med og forme korleis nye idéar blir til verdi?

Avdelinga Forretningsutvikling og innovasjon IT er eit kraftsenter for digital innovasjon i etaten. No søkjer vi ein seksjonsleiar for eininga Konseptutvikling som kan leie eit sterkt og tverrfagleg fagmiljø i arbeidet med å identifisere behov, greie ut moglegheiter og utvikle berekraftige, brukarsentrerte løysingar for framtida.

Vi ser etter deg som har lang erfaring med å leie digitaliseringsinitiativ og komplekse prosessar – ikkje nødvendigvis som personalleiar, men som samlande kraft. Du veit korleis ein bygg tillit, mobiliserer menneske og omset strategi til handling.

Kva går jobben ut på?

Som seksjonsleiarfor Konseptutvikling får du ansvar for å:

  • Leie og utvikle eit kompetent fagmiljø som arbeider med behovsanalyse, konseptutgreiing og løysingsutvikling
  • Sikre gode prosessar for innhenting, prioritering og behandling av nye behov frå etaten sine fagmiljø
  • Bidra til utviklinga av avdelinga si metode for konseptutgreiing – og sikre kvalitet i leveransane
  • Skape felles forståing og retning i komplekse, tverrfaglege initiativ
  • Fremje samarbeid mellom fag, teknologi og leiing på tvers av heile etaten
  • Bidra til at Statens vegvesen tek gode val i møte med nye moglegheiter, ny teknologi og store ambisjonar

Kompetansekrav

Vi trur du har:

  • Høgareutdanning innan relevant fagområde
  • Lang erfaring med å leie digitale initiativ og prosjekt, gjerne frå idé til gjennomføring
  • Evne til å sjå heilskapen – og samstundes sikre framdrift i detaljar
  • God forståing for innovasjons- og utviklingsarbeid i komplekse organisasjonar
  • Erfaring med å skape resultat gjennom samarbeid, påverknad og tillitsbasert leiing
  • Sterke kommunikasjonsevner, både munnlegog skriftleg

Formell personalleiarerfaring er ikkje eit krav – vi legg vekt på di evne til å leie gjennom andre.

Kven er du?

Du er ein relasjonsbyggjarog fasilitator– trygg, strukturert og med sterk gjennomføringsevne. Du evnar å skape retning og meining, og du blir motivert av å bidra til at kollegaer og samarbeidspartnarar lukkast. Du trivst med å kombinere strategisk tenking med praktisk løysingsutvikling, og du har engasjement for samfunnsoppdraget.

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Testar og bakgrunnssjekk

Vi bruker arbeidspsykologiske testar for å vurdere kandidatars eigenskapar, ferdigheiter og kvalifikasjonar for stillinga. Desse testane bidreg til å sikre ei rettferdig og objektiv vurdering av alle kandidatar, og dei hjelper oss med å finne den mest kvalifiserte personen for stillinga. Vi bruker også bakgrunnssjekk på utvalde stillingar for å verifisere og søkje etter informasjon som kan ha noko å seie for rekrutteringsprosessen.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt leiar Linn Raknes Solbakken på tlf: 98879579

Stillingsinfo

Frist30. mai 2025

Kontaktperson

Linn Raknes Solbakken

Leiar


Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig,Ledelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.