Ny i dag

Sakshandsamar

Vil du vera ein del av eit team som hjelper trafikantane med viktige tenester?

Statens vegvesen Molde19. november 2025
Søk her

Kontaktperson

Bente Sørlie

Kontorsjef

bente.sorlie@vegvesen.no

Me har ei ledig stilling som kunderettleiar/sakshandsamar ved Molde trafikkstasjon. Du må rekne med reising til andre trafikkstasjonar i området

Som kunderettleiar/sakshandsamar er du ein del av førstelinja i Trafikant- og køyretøydivisjonen. Du møter kundane våre i skranken, gir rettleiing og utfører sakshandsaming . Me ser etter deg som trivast med kundekontakt, har gode formidlingsevner og liker å kombinera service med styresmaktsutøving.

Me er i stadig utvikling, og fleire oppgåver blir løyste digitalt. Difor må du vera komfortabel med endring og ha vilje til å læra nye system. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø der me hjelper og støttar kvarandre, og du får god opplæring før du jobbar sjølvstendig.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver og ansvarsområde for stillinga.

  • Kundebehandling og rettleiing i skranke, på e-post og telefon.
  • Sakshandsamar etter vegtrafikklova og tilhøyrande forskrifter.
  • Registrering av køyretøy (bestilla skilt, krevja inn avgifter, ferda ut vognkort).
  • Utferding av førarkort og kompetansebevis.
  • Andre oppgåver kan bli aktuelle.

Du må trivast med å handheva lover og forskrifter, samtidig som du gir god kundebehandling. Av og til kan regelverket avvika frå ønska til kunden, men målet vårt er alltid å sikra ei positiv oppleving.

Vår arbeidskvardag er hektisk og detaljrik, så det gjeld å halde hovudet kaldt .

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.

Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
  • God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
  • Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
  • Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
  • Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen

Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Kvalifikasjonskrav

  • 3-årig relevant utdanning frå høgskule eller universitet. Omfattande relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
  • Førarkort klasse B.

Dersom utdanning er teken i utlandet kreves det autorisert omsetjing og godkjenning frå HKDIR.

Vi legg også vekt på:

• Evne og vilje til å læra nye system og verktøy.

• Erfaring frå relevante fagområde.

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer ein kollega som:

• Er strukturert, nøyaktig og pliktoppfyllande.

• Er serviceinnstilt og komfortabel med styresmaktsrolla.

• Har godt humør og gode samarbeidsevner.

• Tek initiativ og blir motivert av resultat.

• Er sjølvstendig, men spør om hjelp når det trengst.

Hos oss får du ein variert arbeidskvardag, god opplæring og eit inkluderande arbeidsmiljø. Er du klar for å bidra til trygg og effektiv trafikkforvaltning? Då vil me gjerne høyra frå deg!

Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.

Om søknadsprosessen

Krav til søknaden

Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.

Testar og bakgrunnssjekk

For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finn den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.

Positiv særbehandling

Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.

Stillingsinfo

Frist19. november 2025

Kontaktperson


Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.