Ny i dag

Rådgjevar vegplanlegging

Me opplever aukande oppdragsmengd og ynskjer å styrke kapasiteten vår innan vegplanlegging på Voss.

Norconsult ASVossSnarest

Norconsult har nokre av Noregs skarpaste hovud innan veg- og gateplanlegging – folk som brenn for gode løysingar, smarte prosessar og prosjekt som faktisk gjer ein skilnad. Me leverer heildigitale prosjekt i verdsklasse, men evnar òg å skape berekraftige og kostnadseffektive løysingar der behova er litt enklare.

Hjå oss finn du kompetanse innan heile spekteret av samferdsle- og mobilitetsoppgåver, og innan alle planfasar og nivå. Det kan vere alt frå små moglegheitsstudiar til store og komplekse byggjeplanar. Me samarbeider tett med entreprenørar, me følgjer opp i byggjeperioden, og me legg til rette for ein arbeidskvardag med god variasjon, og ikkje minst eit hyggeleg miljø med solid fagleg tyngd.

Me opplever aukande oppdragsmengd og ynskjer å styrke kapasiteten vår innan vegplanlegging på Voss. Me tilbyr spanande arbeidsoppgåver med store moglegheiter for utvikling.

Kontoret på Voss har 20 medarbeidarar innan ulike fag. Vegplanleggjarane våre arbeider med eit breitt spekter av oppgåver i både lokale og regionale oppdrag. Avdelinga har eit framifrå samarbeid med andre einingar i region vest og med hovudkontoret.

Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • Oppdragsmedarbeidar og/eller fagansvarleg i tverrfaglege prosjekt, både store og små.
  • Planlegging og prosjektering innan alle planfasar og nivå.
  • Veg- og gateplanlegging inkludert tiltak for mjuke trafikantar.
  • Tverrfagleg modellsamhandling (BIM) for å utvikle nye og innovative løysingar og sikre god berekraft i oppdraga.
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag.
  • Oppfølging på anleggsplass.
  • Arbeide tett saman med entreprenørar i totalentreprisar.
  • Kontakt med kundar og samarbeidspartnarar.

For oss er det ein fordel at du:

  • Har relevant utdanning på bachelor-/masternivå.
  • Har relevant erfaring.
  • Har erfaring med aktuelle BIM- og prosjekteringsverktøy.
  • Har kjennskap til forskrifter, standardar og rettleiingar.
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, flytande norsk munnleg og skriftleg er eit krav.
  • Er ein motiverande og omsorgsfull kollega.
  • Er initiativrik, sjølvstendig og utadvent.
  • Tek ansvar.
  • Er ein me kan byggje vidare på, då me ynskjer å satse.

Hjå oss får du:

  • Spanande moglegheiter for kompetanseheving og ei karriere innan fag, linje og oppdrag.
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar.
  • Eit stort tverrfagleg miljø.
  • Stor fleksibilitet i arbeidskvardagen, samt fri i påskeveka og romjula.
  • Bonus knytt til resultatet i selskapet.
  • Aksjeprogram for eigarskap i Noregs største tverrfaglege rådgjevingsverksemd.
  • Konkurransedyktige vilkår.

Innsending av søknad:
Søknad med CV, vitnemål og attestar sender du gjennom vårt elektroniske søknadsskjema på nettsidene våre. Me gjer merksam på at det berre er elektroniske søknader som vert behandla.

Me ser fram til at du søkjer!

Norconsult er et ledende nordisk rådgiverselskap som kombinerer ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse i små og store prosjekter for både privat og offentlig sektor. Vi jobber innen blant annet infrastruktur, energi og industri, bygg, eiendom og arkitektur. Med formålet «Hver dag forbedrer vi hverdagen» utvikler vi bærekraftige, effektive og samfunnsnyttige løsninger gjennom nyskaping og innovasjon.

Med hovedkontor i Sandvika og rundt 7 200 medarbeidere fordelt på over 140 kontorer i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi sterk tverrfaglig kompetanse med lokal tilstedeværelse.

I Norconsult er likeverd og mangfold en grunnleggende forutsetning. Vi ønsker et arbeidsmiljø der alle har like muligheter til å utvikle seg og nå sitt fulle potensial, uavhengig av bakgrunn eller identitet. Ulike perspektiver gjør oss bedre rustet til å forstå samfunnet, løse oppdragene våre og skape innovative løsninger. Derfor ønsker vi søkere med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.