Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Rådgiver BIM

- Prosjekt Byvekstavtale Bergen

Statens vegvesenBergen20. august 2023
Søk her

Kontaktperson

Beate Riisnæs

Prosjektleiar

+47 962 36 913

Statens vegvesen har ledig stilling som rådgiver BIM og søker etter ein person med kompetanse innan vegbygging og oppfølging av modellbaserte kontraktar.

Stillinga er knytt til Utbyggingsdivisjonen, Prosjekt Byvekstavtale Bergen som omfattar fleire prosjekt i Bergen. I første omgang er stillinga knytt til bygging av ny E39 Sykkelstamveg frå Nesttun til Skjold langs Fanavegen i Bergen kommune, men omfattar også oppfølging i dei øvre prosjekta hjå Byvekstavtale Bergen.

Kontorstad blir på prosjektkontoret til Byvekstavtale Bergen, pr. i dag i Nygårdsgaten 112.

Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere

  • Ansvar for modellbaserte metodar i prosjekta til Byvekstavtale Bergen
  • Integrere modeller i prosjektoppfølginga
  • Oppfølging av BIM i detaljprosjekteringa og gjennomføring av entreprisearbeid og kontraktar
  • Dialog med interne/eksterne prosjektaktørar om val og bruk av program for modellbaserte metodar i prosjekta til Byvekstavtale Bergen
  • Etablere/implementere gode dokumentstyringsrutinar og strategiar for bruk av BIM i prosjekta

Kompetansekrav

Utdanning frå universitet eller høgskule minimum 3 år med relevant fagkrins, jfr. beskriving over.

For kandidatar med 2-årig teknisk fagskule, samt sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Vi ønskjer at du har kjennskap til VDC arbeidsmetodikk og relevant programvare eksempelvis:

  • Navisworks manage
  • Autocad civil
  • Novapoint
  • Gemini terreng
  • Trimble connect

Du må ha førerkort klasse B.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi vektlegg

  • erfaring frå arbeid med modellbasert prosjektgjennomføring, bruk av BIM i infrastrukturprosjekt og tverrfagleg forståing
  • gode evner til å samarbeide og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • at du er fleksibel, initiativrik og løysingsorientert
  • gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • at du er strukturert og sjølvstendig
  • nødvendige IT-ferdigheter for oppfølging og rapportering

Les dette før du søker!

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsløysingane på ditt fagfelt. Me gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikla deg, både fagleg og personleg, i takt med dei nye utfordringane i samfunnet. Me tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Me tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Din lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ønskjer å vera ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Me har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunnar, erfaringar, kompetansar og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Me oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil me kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservera deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngivast. Viss me ikkje kan ta ønsket ditt til følgje, tek me kontakt med deg.

Nærare opplysningar om stillinga eller arbeidsoppgåvene:

Ta kontakt med prosjektleiar Beate Riisnæs på mobil 962 36 913 om du har spørsmål.

Stillingsinfo

Frist20. august 2023
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Beate Riisnæs

Prosjektleiar


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.