
Rådgivende ingeniører
Norconsult Hardanger & Voss

Kontaktperson
Tormod Utne Kvåle
Konstituert avdelingsleiar Voss Norheimsund
Norconsult er inne i ei svært spennande utvikling og spesielt i Hardanger og Voss. Vi har nyleg vunne fleire store og strategisk viktige kontraktar i regionen og nasjonalt. Mellom anna Fellesprosjektet Arna–Stanghelle. Behovet for samfunnsbyggjarar som vil vere med å forme morgondagens løysingar aukar betydeleg.
Difor søkjer vi dyktige fagfolk som ønskjer å jobbe tett på kundar, samfunn og natur – og samtidig vere del av eit sterkt, tverrfagleg fagmiljø med høg kompetanse og stort handlingsrom.
Geo – Vil du jobbe midt i Noregs mest spennande naturmiljø?
Er du geoteknikar, skredgeolog eller ingeniørgeolog med erfaring, og ønsker ein kvardag der faglege utfordringar står i kø?
Hos oss får du bruke kompetansen din i eit av landets mest varierte og komplekse naturmiljø – frå store infrastrukturprosjekt og industrisatsingar til kommunaltekniske oppgåver.
Du blir ein sentral fagperson i trygg, berekraftig og solid prosjektering. Her jobbar du tett på både kundar og dyktige kollegaer frå fleire disiplinar, i eit miljø der samarbeid, kvalitet og utvikling står i sentrum.
Hydrologi og hydrogeologi – Vil du skape framtidas vassløysingar?
Me søkjer ein engasjert hydrolog eller hydrogeolog som vil vere med å utvikle berekraftige løysingar i møte med eit klima i endring. Hos oss får du jobbe med alt frå vassdragshydrologi og overvasshandtering til flaum- og skredrelaterte analysar, grunnvassproblematikk og klimatilpassing.
Du blir ein viktig del av tverrfaglege prosjekt i samarbeid med sterke fagmiljø innan VA, miljø og samfunnsplanlegging. Her får du bruke kompetansen din til å sikre trygge, robuste og framtidsretta løysingar for både samfunn og natur.
VA – Vil du styrkje eit av regionens viktigaste fagmiljø?
Vi søkjer ein dyktig og engasjert VA-ressurs som vil vere med å utvikle framtidsretta løysingar innan vass- og avløpsteknikk for Hardanger og Voss. Hos oss blir du ein sentral fagperson i prosjekt som spenner frå kommunaltekniske anlegg og leiingsnett til overvatnshandtering og klimatilpassing.
Du får jobbe i tverrfaglege team der du bidreg med solide faglege vurderingar, gode prosessar og praktiske, berekraftige løysingar. Arbeidet vil variere mellom tidlegfase, prosjektering, modellering og rådgiving tett på kundar og samarbeidspartnarar. Her får du høve til å påverke utviklinga av robuste VA‑system i ein region i vekst – og til å vidareutvikle deg i eit sterkt og raust fagmiljø.
Maskin – Vil du bli med på å utvikle framtidas industri?
Industri er eit av Norconsult sine viktige satsingsområde, og me opplever stor oppdragsmengde. Difor søkjer me dyktige og engasjerte maskiningeniørar til våre kontor i Hardanger og på Voss.
Hos oss får du store moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling i eit sterkt og støttande kompetansemiljø. Prosjekta våre spenner frå konseptutvikling og skisse-/forprosjekt til detaljprosjektering og FDV-dokumentasjon – og gir deg høve til å jobbe tett på industriaktørar i utvikling.
For kandidatar med ambisjonar og rette evner kan det bli aktuelt med ei meir leiande rolle, med ansvar innan prosjektleiing og marknadsarbeid
Naturmiljø og plan – Vil du forme framtidas bruk av naturen i Hardanger og Voss?
Vi søkjer ein erfaren rådgivar med kompetanse i skjeringspunktet mellom naturmiljøforvaltning og arealplanlegging. Hos oss får du ei sentral rolle i å utvikle gode prosessar, gi tydelege faglege råd og sikre heilskaplege løysingar for framtida i regionen.
Du vil jobbe med eit breitt spekter av oppgåver – frå mindre prosjekt til meir komplekse planprosessar – og får høve til å setje ditt preg på samfunnsutviklinga i Hardanger og Voss. Her blir du ein viktig fagperson i eit tverrfagleg miljø som brenn for berekraftige val i møte mellom natur og samfunn.
Prosjektleiar – Vil du leie utviklingsprosjekt i eitt av Vestlandets mest spennande vekstområde?
Vi søkjer ein erfaren og engasjert prosjektleiar til kontoret vårt på Voss. Her får du ein nøkkelrolle i gjennomføringa av varierte og samfunnsviktige prosjekt – frå tidlegfase og planlegging til ferdig leveranse.
Som prosjektleiar hos oss blir du bindeleddet mellom kundar, fagmiljø og samarbeidspartnarar. Du sikrar gode prosessar, tydelege prioriteringar og ein trygg, strukturert prosjektgjennomføring. Arbeidet spenner frå mindre lokale tiltak til større og meir komplekse oppdrag på tvers av fag og disiplinar.
Hos oss får du moglegheit til å påverke utviklinga i regionen, jobbe tett med eit sterkt tverrfagleg miljø og bidra til berekraftige og framtidsretta løysingar for Voss og omegn.
Veg – Vil du bygge framtidas samferdselsløysingar i Hardanger og Voss?
Vi søkjer ein engasjert veg‑ressurs som vil vere med å utvikle trygge, berekraftige og funksjonelle samferdselsløysingar i ein region der terreng, klima og lokalsamfunn stiller høge krav til kvalitet.
Hos oss får du jobbe med eit breitt spekter av oppgåver – frå konseptutgreiingar og reguleringsplanar til detaljprosjektering, trafikale vurderingar og oppfølging i gjennomføringsfase. Du blir ein viktig del av tverrfaglege prosjektteam og bidreg med solid fagkompetanse inn i både små og store oppdrag.
Rolla gir deg gode moglegheiter for fagleg utvikling, tett samarbeid med andre disiplinar og høve til å påverke utforminga av framtidas infrastruktur i Hardanger og på Voss.
Kvifor Norconsult Hardanger & Voss?
- Eit sterkt, lokalt fagmiljø – støtta av over 7 000 kollegaer nasjonalt og internasjonalt.
- Varierte prosjekt med høg samfunnsverdi.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og spesialisering.
- Sterkt fokus på balanse mellom arbeid og fritid.
- Kollegaer som bryr seg – og eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø.
- Moglegheit til å påverke retning, prioriteringar og vekst i eit kontor i sterk utvikling.
Arbeidsstad
Odda, Voss, Rosendal, Eidfjord eller Norheimsund.
Innsendelse av søknad: Søknad på norsk med CV, vitnemål og attester sendes via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Vi gjør oppmerksom på at det kun er elektroniske søknader som blir behandlet.
Vi ser frem til å motta din søknad!
Stillingsinfo
Kontaktperson
Tormod Utne Kvåle
Konstituert avdelingsleiar Voss Norheimsund
Stillingstyper
Industrier

Norconsult er et ledende nordisk rådgiverselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekter i privat og offentlig sektor, innen infrastruktur, energi og industri, bygg, eiendom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med formålet «Hver dag forbedrer vi hverdagen», søker vi stadig etter mer bærekraftige, effektive og samfunnsnyttige løsninger. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 500 medarbeidere fordelt på over 140 kontorer i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfaglig kompetanse med lokal tilstedeværelse.
For Norconsult er det en grunnleggende forutsetning at alle mennesker likeverdige. Målet er at våre medarbeidere skal ha de samme mulighetene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av hvem de er eller hvordan de identifiserer seg. Et bredere spekter av perspektiver hjelper oss å forstå alle deler av samfunnet, utfordrer oss i våre oppdrag og fører til en høyere grad av innovasjon. Vi ønsker derfor medarbeidere med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.