Ny i dag

Prosjektsjef E39 Rogfast

Er du prosjektsjefen som ønskjer nye utfordringar og vil vere med å gjennomføre E39 Kryssing av Boknafjorden (Rogfast).

Statens vegvesenRogfast anlegg, Mekjarvikveien 100, Randaberg3. november 2025
Søk her

Kontaktperson

Kjartan Hove

Prosjektdirektør

90 11 05 86

Nøkkelord

ProsjektsjefSamferdsleprosjektProsjektledelseLedelseFagmiljø

E39 Kryssing av Boknafjorden (Rogfast) omfattar bygging av veg mellom Arsvågen i Bokn kommune til Mekjarvik/Harestad i Randaberg kommune, begge i Rogaland fylke. Strekninga er på rundt 29 km der det aller meste går i fjell. Den undersjøiske kryssinga består av to tunnelar, samt eit undersjøisk kryss som gir vegsamband til Kvitsøy kommune i Boknafjorden.

Prosjektet er starta opp med pågåande entreprisar, både frå nord og sør, samt frå Kvitsøy. Rundt 1/3 av tunnellengda er i dag produsert. I tillegg høyrer og strekninga E39 Smiene-Harestad under denne stillinga. Det omfattar rundt 5 km veg i dagen og Harestadkrysset som overgang til Rogfast.

Prosjektet omfattar 4 geografiske område; to i sør med Smiene-Harestad og Mekjarvika, ein på Kvitsøy og ein i Arsvågen på nordsida. På tre av avsnitta er tunnelproduksjonen i gang, mens dagprosjektet Smiene – Harestad enno er i prosjekteringsfase.

Prosjektorganisasjonen består av engasjerte og dyktige fagpersonar som saman byggjer eit framtidsretta prosjektmiljø. No står vi i ein spennande fase der vi vidareutviklar struktur og arbeidsmetodikk – og der du kan vere med å setje retning for korleis vi jobbar framover. I løpet av 2025 vil vi ha komplett fagleg dekning på alle område, og dei neste nøkkelkompetansane vi skal styrkje er innan elektro, automasjon og bergarbeid.

Opning av prosjektet er planlagt til 2033. Anleggskontor er etablert, både på sørsida og nordsida av Boknafjorden, samt på Kvitsøy.

Arbeidsoppgåver

Du vil ha det overordna ansvaret for eit prosjekt med stor nasjonal og internasjonal interesse. Ved opning vil prosjektet bli verdens lengste og djupaste vegtunnel. Kontakt med media vil vere ein del av kvardagen, inkludert ulike befaringar på prosjektet.

Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande med eit sterkt fagmiljø, både på prosjektet og i utbyggingsdivisjonen. Prosjektsjefen er direkte underlagt Prosjektdirektør i vest. Prosjektsjef har personalansvar for prosjektleiarar og stab, og du må ha evne til å leie dyktige fagfolk på ein tydeleg måte og syte for at dei utviklar seg. Du skal mellom anna leie arbeidet med sikring av grensesnitt, ressursutnytting og synergiar på tvers av alle kontraktsavsnitta.

Kontorstad vil vera på anleggkontoret på Mekjarvik.

Som leiar er det viktig at du:

  • kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke og dialog
  • engasjerer medarbeidarar og samarbeidspartnarar til å tenkje i framtidsscenario, og vurdere kva krav dette stiller til organisasjonen din i forhold til det som skal leverast til ei kvar tid
  • er god til å samhandle internt og med eksterne organisasjonar og media, på ein positiv måte for prosjektet
  • er resultatorientert og har fokus på å nå prosjektet sine målsetnader og svare ut dei utfordringar organisasjonen blir gitt
  • innbyr til tillit overfor entreprenørar og samarbeidspartnarar, samt sørger for involvering av Statens vegvesen sin organisasjon
  • kan byggje ein god organisasjon rundt deg saman med dine overordna og prosjektleiarar

Leiing i Statens vegvesen

Som leiar i Statens vegvesen forventes det at du følgjer leiarprinsippane våre – vårt felles kompass for godt leiarskap:

  • Sett retning – eg ser framover, varetek heilskapen og viser veg.
  • Ver til stades – eg lytter, tek vare på medarbeiderane og motiverer til innsats.
  • Skap saman – eg er drivkraft for samarbeid og deling. Eg gjer det trygt å utforske nye moglegheiter.

Prinsippa byggjer på våre verdiar og gir retning for korleis vi leier, samhandlar og utviklar oss – både som enkeltleiarar og som organisasjon.

Kvifor skal du velje oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av eit landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling - både for deg sjølv og for oss.

Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
  • God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
  • Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
  • Faglig påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.

Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning frå universitetet eller høgskule, minimum 3 år
  • Relevant erfaring, inkludert leiar- og prosjekterfaring, frå større organisasjonar
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B

Vi vektlegg:

  • at du har god fagleg tyngd frå gjennomføring av samferdsleprosjekt
  • at du er godt kjent med rolla som byggherre og kan handtere ulike samarbeidspartar på ein god måte
  • god kunnskap om regelverk innan relevante fagfelt og er godt kjent med handtering av entreprisar og formelt regelverk knytta til dette
  • at du er sjølvstendig, initiativrik og jobbar strukturert
  • at du har evne til å skape engasjement rundt deg og tenkje overordna

Som tilsett i Statens vegvesen er det viktig at du er sikkerhetsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.

Stillinga føreset godkjend sikkerheitsklarering eller at slik kan gjevast.

Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, anbefaler vi ein autorisert omsetjing av dine dokument og godkjenning frå HKDIR (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Om søknadsprosessen

Krav til søknaden

Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.

Testar og bakgrunnssjekk

For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finner den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.

Positiv særbehandling

Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.

Stillingsinfo

Frist3. november 2025

Kontaktperson

Kjartan Hove

Prosjektdirektør


Stillingstyper

Fast ansettelse,Ledelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.