Fristen for annonsen har gått ut

Prosjektmedarbeidar Byvekstavtale Bergen

Prosjektmedarbeidar innan for økonomi / byggherrestøtte

Statens vegvesenBergen21. april 2025
Søk her

Kontaktperson

Beate Eide Riisnæs

Prosjektleder

96 23 69 13

Nøkkelord

ByggherrestøtteeringProsjektmedarbeiderIsy prosjektøkonomiBudsjetteringUsikkerhetsarbeid

Statens vegvesen har ledig stilling som prosjektmedarbeidar innan for økonomi / byggherrestøtte og søkjer etter ein person med relevant erfaring innanfor fagområde og prosjektarbeid knytt til anleggsarbeid.

Stillinga er knytt til Utbyggingsdivisjonen, Prosjekt Byvekstavtale Bergen, som omfattar fleire prosjekt i Bergen, blant anna sykkelveg og vegprosjekt. I første omgang er stillinga knytt til økonomiopppfølging av plan/byggeprosjekt, men stillinga vil også omfatte andre oppgåve i dei enkelte prosjekta, som usikkerheitsarbeid og andre oppgåve på prosjektnivå.

Kontorstad vil vere på prosjektkontoret til Byvekstavtale Bergen, i dag i Nygårdsgaten 112.

Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • holde oversikt og følge opp økonomi på utbyggingsprosjekt, planfase
  • følge opp prosjekt i ISY-prosjektøkonomi
  • rapportering, budsjettering og prognoser
  • rådgiving og oppfølging av prosjektmedarbeidar innan økonomi
  • legge til rette for usikkerheitsarbeid i prosjekta - PUS
  • ta del i kontraktsarbeid og prosjektarbeid i gruppa
  • ta del i øvrige oppgaver på prosjektnivå i de enkelte prosjektene etter behov

Kompetansekrav

Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 2 år, med relevant fagkrins, jf. beskrivinga over.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå relevante fagområde og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til formell utdanning fråvikast.

Det vil vera ein fordel om du har:

  • bakgrunn og erfaring frå økonomioppfølging
  • kjennskap til ISY-prosjektøkonomi
  • erfaring frå prosjektarbeid i utbyggingsprosjekt
  • erfaring frå usikkerheitsstyring og usikkerheitsarbeid

Personlege eigenskapar som vert vektlagde:

  • du er sjølvstendig og liker å jobbe både sjølvstendig og i samen med andre
  • du jobbar fokusert og strukturert med oppgåvene
  • du tar raskt tak i oppgåvene og legger ein plan for oppgåveløysing
  • du er inkluderande og involverer aktuelle medarbeidar / fagområde og i oppgåveløysningen
  • gode samarbeidsevner og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • at du er fleksibel, initiativrik og løysingsorientert
  • nødvendige IT-ferdigheiter for oppfølging og rapportering

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Testar og bakgrunnssjekk

Vi bruker arbeidspsykologiske testar for å vurdere kandidatars eigenskapar, ferdigheiter og kvalifikasjonar for stillinga. Desse testane bidreg til å sikre ei rettferdig og objektiv vurdering av alle kandidatar, og dei hjelper oss med å finne den mest kvalifiserte personen for stillinga. Vi bruker også bakgrunnssjekk på utvalde stillingar for å verifisere og søkje etter informasjon som kan ha noko å seie for rekrutteringsprosessen.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Fleire opplysningar om stillinga kan du få hjå prosjektleiar Beate Riisnæs, tlf. 962 36 913, eller e-post: beate.riisnas@vegvesen.no.

Stillingsinfo

Frist21. april 2025

Kontaktperson

Beate Eide Riisnæs

Prosjektleder


Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.