Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Prosjektleiarar

2 prosjektleiarar til Sotrasambandet

Statens vegvesenStraume26. november 2023
Søk her

Kontaktperson

Lene Sælen Rivenes

Prosjektsjef

+47 932 27 521

Om stillingane

Stillingane skal følgje opp Noregs største enkeltkontrakt i Statens vegvesen sin historie. Med

eige team skal du sjå til at OPS-leverandør følgjer kontrakt, lover og Statens vegvesen sine handbøker.

Du vil bli ein del av leiargruppa til Sotrasambandet og ein viktig bidragsytar i møte med leverandøren.

Kompetansekrav

Kompetansekrav til stilling som Prosjektleiar Sotra Bru

  • Utdanningsnivå: Mastergrad og relevant erfaring på minimum 5-10 år
  • Solid kompetanse knytt til arbeid på samferdselsanlegg, herunder bygging av store konstruksjonar som hengebru
  • Relevant leiarerfaring frå tidlegare prosjekt - fortrinnsvis frå ledelse av samferdselsprosjekt
  • Gode skriftlege og muntlege kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
  • Evne til å samarbeide godt både internt og eksternt. Eksternt med fokus på internasjonale selskap
  • Personlege eigenskapar som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Gode IT-kunnskapar
  • Førarkort klasse B
  • Fordel med erfaring frå OPS

Kompetansekrav til stilling som Prosjektleiar Sotra Tunnel

  • Utdanningsnivå: Mastergrad og relevant erfaring på minimum 5-10 år
  • Solid kompetanse knytt til arbeid på samferdselsanlegg, herunder bygging av store tunnelanlegg med erfaring frå elektro og automasjon
  • Relevant leiarerfaring frå tidlegare prosjekt - fortrinnsvis frå ledelse av samferdselsprosjekt
  • Gode skriftlege og muntlege kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
  • Evne til å samarbeide godt både internt og eksternt. Eksternt med fokus på internasjonale selskap
  • Personlege eigenskapar som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Gode IT-kunnskapar
  • Førarkort klasse B
  • Fordel med erfaring frå OPS

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og godkjenning frå HKDIR (Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse).

Som leiar er det viktig at du:

  • Er løysingsorientert og viser handlekraft gjennom fagleg og ledelsesmessig styrke
  • Stiller krav til dine medarbeidarar slik at Statens vegvesen kan nå sine mål
  • Bidreg til god samhandling i prosjektleiargruppa og med prosjektsjef
  • Har fokus på etaten sitt omdømme – herunder i håndteringen av media
  • Er resultatorientert og oppteken av å nå prosjektet sine mål
  • Bidreg til å bygge tillit mellom entreprenørar, rådgivarar og andre samarbeidspartnarar
  • Bidreg til å utvikle medarbeidarane i prosjektet på ein god måte

Les dette før du søkjer!

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillingane?

Kontakt prosjektsjef Lene Sælen Rivenes på tlf. +47 932 27 521

Stillingsinfo

Frist26. november 2023
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Lene Sælen Rivenes

Prosjektsjef


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.