Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Prosjektleiar

Vi søker ein prosjektleiar med brei erfaring frå bygg og anlegg

Statens vegvesenRøldal8. april 2024
Søk her

Kontaktperson

Kjartan Hove

Avdelingsdirektør Utbyggingsområde vest

kjartan.hove@vegvesen.no

Nøkkelord

ProsjektlederBygg og AnleggSamferdselsprosjektLedelse

Prosjektleiar for E134 Røldal - Seljestad

I Statens vegvesen, Utbyggingsdivisjonen, prosjekt E134 Røldal - Seljestad har vi ledig stilling som prosjektleiar.

E134 Røldal – Seljestad er første byggetrinn på strekninga E134 Vågsli – Seljestad, som skal betre aust-vest-forbindelsen over Haukelifjell. I dette byggetrinnet skal det byggast ein 12,3 km lang eittløpstunnel med litt veg i kvar ende. Hovudentreprisen er planlagt utlyst i mai/juni i år, med byggestart våren 2025. No er det ute ein mindre entreprise med førebuande arbeid.

Stortingsproposisjonen for prosjektet skal etter planen behandlast av Stortinget den 11. april. Vi skal difor no starte oppbygginga av ein slagkraftig og kompetent prosjekt-organisasjon til å leie utbygginga. Dette er eit langvarig prosjekt med ei byggetid på ca 6 år. Her har du sjansen til å sette ditt preg på organisasjonen heilt frå starten, og vere med på å bygge laget vidare til vi har ein komplett organisasjon på plass.

Vi søker ein prosjektleiar med brei erfaring frå bygg og anlegg.

Som prosjektleiar har du totalansvar for gjennomføring av prosjektet, og skal levere på oppsette mål. I 2024 vil det vere ei mindre spennarmert betongbru under bygging. Vidare skal det riggast for hovudentreprisen som skal lysast ut sommaren 2024. Her vil du få sjansen til å vere med på å utarbeide konkurransegrunnlag, og følgje forhandlingsfasen. Totalentreprisen på hovudanlegget vil starte opp mai/juni 2025.

Stillinga som prosjektleiar vil gi deg varierte og spennande arbeidsoppgåver, i eit prosjekt der du må involvere deg og ta regi, og som ikkje er større enn at du har god oversikt.

Kontorstad vil bli ute på anlegget, på Røldalssida av tunnelen. Det vil óg vere mogleg å ha kontordagar på ein av Vegvesenet sine kontorplassar nær heimstad.

Arbeidsoppgåver:

  • ansvarleg for å nå måla for prosjektet
  • totalansvar for økonomi, framdrift, HMS og kvalitet
  • personalansvar for prosjektmedarbeidarane
  • ansvarleg for utarbeing av konkurransegrunnlag og kontrahering av entreprenørar
  • ansvarleg for oppfølging av entreprisar
  • ansvarleg for kontakt med andre partar, interessentar og media

Kompetansekrav

  • Relevant utdanning fra universitet eller høgskule
  • Erfaring frå leiing av samferdselsprosjekt
  • God i skriftleg og munnleg norsk
  • Førarkort klasse B

Vi ønskjer at du har relevant erfaring frå gjennomføring av samferdselsanlegg som omfattar tunnel.

Det er ein fordel med god kjennskap til vegnormalar og kontraktar.

Omfattande og relevant erfaring innafor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.

Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, treng vi ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Personlege eigenskapar som vi vektlegg:

  • sjølvstendig og strukturert
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • god lagbyggar som ser medarbeidarane dine, og gir dei ansvar
  • evner å bygge tillit og skape eit godt forhold til entreprenørane
  • likar utfordringar og har stor arbeidskapasitet

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kjartan Hove, avdelingsdirektør Utbyggingsområde vest.

Mobil: +47 901 10 586

Mail: kjartan.hove@vegvesen.no

Stillingsinfo

Frist8. april 2024
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Kjartan Hove

Avdelingsdirektør Utbyggingsområde vest


Stillingstyper

Fast ansettelse,Ledelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.