
Prosjektleder /Økonom
Vil du vere med og sikre landet mot flaum og skred - på rett stad, til rett tid og til riktig kostnad

Kontaktpersoner
Nøkkelord
Vi inviterer deg til å ta i bruk di erfaring og ekspertise for å vurdere korleis vi kan løyse framtidige behov for sikringstiltak. Vi lever i eit klima i endring og må førebu oss på auka innsats framover. Behovet for å sikre eksisterande busetnad mot flaum og skred er stort. NVE kan gi kommunane økonomisk støtte til sikring av eksisterande busetnad gjennom tilskots- og bistandsordningar.
NVE gjennomfører fleire store sikringstiltak med høgare kostnader enn tidlegare. Dei estimerte kostnadene for desse prosjekta, er større enn NVE sine årlege løyvingar til sikringstiltak har vore fram til no. Det er difor viktig at dei rette prosjekta vert prioritert, og vi treng å styrke oss for å gjere dei riktige nasjonale prioriteringane på området.
Framover skal vi jobbe i eit investeringsregime som følgjer prinsippa i statens prosjektmodell. I stillinga vil du få jobbe med å utvikle prosjektprosessen vår på eit overordna nivå, både når det gjeld prosjekt- og porteføljestyring. Dette inkluderer utvikling av ein overordna strategi for kva som bør prioriterast i åra framover når det gjeld nye prosjekt og endringar i pågåande prosjekt. Vi manglar ein nasjonal portefølje, som viser dei prosjekta som skal nå dei overordna måla knytt til sikring mot flaum og skred.
Dette er ei nyoppretta stilling som er etterspurt i organisasjonen.
I NVE vil du få moglegheit til å lære av landets sterkaste fagfelt innan flaum, skred og klimatilpassing. Du vil få høve til å påverke din eigen arbeidskvardag, du vil få eit godt nettverk, og du vil få erfaring med mange interessante og spennande vurderingar i heile Noreg. Vi lovar deg ein arbeidsplass der du vil oppleve samhald og trivsel, og der du får ein arbeidsdag med arbeidsoppgåver som bidreg til fagleg og personleg utvikling, og som er viktige for samfunnet.
Kontorstad vil vere ved vårt hovudkontor i Oslo.
Kort om seksjonen og avdelinga
NVE forvaltar dei statlege midlane til sikringstiltak mot flaum, erosjon og skred, og til miljøtiltak i vassdrag. Denne stillinga sorterer under seksjon for sikring. Sikringstiltak utgjer ein stor og viktig del av det forebyggande arbeidet mot flaum- og skredhendingar. Seksjon for sikring har eit overordna ansvar for å samordne NVE sin innsats i det forebyggande arbeidet. Vi treng å styrke oss i arbeidet med digitale løysingar for gode prosessar og lagring av sikringstiltak.
Hos oss vil du få muligheten til å:
- vere aktiv i utforminga av vår nye prosjektmodell. Dette inneber m.a. struktur og system for prosjektutvikling frå idé til forprosjekt
- vere sentral i arbeidet med å bygge og styre porteføljen av sikringsprosjekt – frå portefølje til prosjekt
- forme din eigen arbeidskvardag innanfor faget – du får utvikle prosjektfaget innan sikring mot flaum og skred i et klima i endring
- utvikle arbeidsprosessene knytt til investeringsprosjekt
I tillegg forventar vi at du kan:
- gi støtte og opplæring til kollegaer innafor fagområdet (bidra til planlegging, gjennomføring og oppfølging av kompetanseformidling)
- halde deg oppdatert på utvikling innafor fagområdet nasjonalt og internasjonalt m.a. ved å engasjere deg i forskings- og utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar:
Krav:
- relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan samfunnsøkonomi, samfunnsfag, ingeniørfag eller prosjektleiing
- relevant arbeidserfaring:
- solid fagleg kunnskap om og erfaring frå arbeid med statens prosjektmodell eller tilsvarande investeringsregime (f.eks. Oslo kommune eller Bergen kommune sin)
- erfaring med porteføljestyring
- god skriftleg og munnleg norsk og engelsk
- førarkort klasse B
- tryggingsmessig skikka
Ønskjeleg:
- kunnskap om offentlege avgjersleprosessar
- god prosess- og metodeforståing, gjerne erfaring med utvikling av metodikk, rettleiing og rutinar
- erfaring og kjennskap frå prosjektleiing
- kjennskap til utgreiingsinstruksen
- god digital kompetanse og erfaring med bruk av dataverktøy
- fysikk til å ferdast i ulendt terreng ved behov
Personlege eigenskapar:
- faglig engasjert, initiativrik og evne til å sjå gode løysingar
- tek sjølvstendig ansvar for arbeidsoppgåvene
- strukturert; du kan arbeide planmessig, sjølvstendig og med grannsemd
- du må kunne samarbeide godt med kollegaer og leiarar, og med eksterne aktørar
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- stillinga gir stort rom for personleg og fagleg utvikling innan eit fagfelt med stor samfunnsaktuell interesse og betydning
- du vil få høve til å påverke utviklinga av fagfelta innanfor sikring mot flaum og skred
- seksjon for sikring samarbeider tett med NVE sine regionkontor, og du vil difor møte eit stort tverrfagleg miljø der dine kollegaer arbeider innanfor eit vidt fagleg spenn, t.d. med kvalitet, fagleg utvikling, prosjektering og utføring av sikringstiltak
- du vil få stor kontaktflate, både internt og eksternt
- livsfaseorientert personalpolitikk
- gode arbeidstidsordningar (flexitid, sommartid, betalt overtid)
- mulegheit for trening i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) som blant anna gir gode lånevilkår
Stillinga vert lønna innan spennet kr 600 000 – 800 000, som rådgiver/seniorrådgiver/overingeniør/senioringeniør (1434/1364/1087/1181). For særs godt kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare lønn. Endeleg lønn er avhengig av kvalifikasjonar. Pensjonsinnskot vert trekt frå lønna etter gjeldande reglar.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å løyse våre oppgåver betre. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen om dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssing i jobbsøkarportalen gir grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Om det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylla visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.
Vi ber om at vinemål/karakterutskrifter og attestar vert lasta opp som vedlegg til den elektroniske søknaden. Om du ynskjer å reservere deg frå offentleg søkarliste, må dette grunngievast. Opplysing om søkaren kan verte offentleggjort sjølv om søkaren har bede om å ikkje verte ført opp på lista. Om reservasjonsønske ikkje vert teke til følgje vil søkaren verte varsla om dette før offentleg søkarliste vert utforma.
Ved behov kan det verte gjennomført ein referansesjekk av kandidat(ar) som vert innstilt. Dette betyr dokument- og kjeldekontroll får å verifisere opphav og gildskap (m.a. det som vert oppgjeve i CV eller dokument som vert lagt ved.

Vil du jobbe tett på Norges vann- og energiressurser? Som ansatt i Norges vassdrags- og energidirektorat kan du være med å påvirke hvordan disse viktige ressursene blir brukt i fremtiden.
NVE må håndtere mange utfordringer i årene som kommer. Klimaendringene, fornybar energi, sikker strømforsyning, flom, skred og internasjonalisering av bransje og regelverk er eksempler på dette. NVE har hovedkontor i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. I tillegg har vi fjellskredovervåking på Stranda og i Kåfjord.