
Plan- og prosjekteringsleiar
Vil du ta styringa i spennande vegprosjekt som utgjer ein forskjell for samfunnet?

Kontaktperson
Nøkkelord
Vi søkjer ein engasjert plan- og prosjekteringsleiar som vil jobbe med varierte og utviklingsretta prosjekt som skal realiserast i kommande byggjeprosjekt!
Som plan- og prosjekteringsleiar får du ein sentral rolle i å planleggje og koordinere prosjekt på E39, E134 og rv.13 i Rogaland og sørlege Vestland. Du leier heile planprosessen – frå behovsutgreiing og reguleringsplan til byggjeplan – og sørgjer for at prosjekta er godt forankra hos alle involverte partar. I rolla samarbeider du tett med ulike fagmiljø og bruker modellbasert planlegging for å sikre god koordinering og høg kvalitet i prosjekta.
Stillinga er plassert i seksjon Plan og utbygging vest 2. Seksjonen har ansvar for å planleggje og gjennomføre vegprosjekt på riksvegnettet i vårt geografiske område.
Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø med spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø. Seksjonen har eit variert spenn i type prosjekt knyta til utbetring og nybygging på og langs eksisterande riks- og europavegnett.
Kontorstad for stillinga er Stavanger.
Arbeidsoppgåver
- vere ansvarleg for utarbeiding av reguleringsplanar og byggeplanar, samt behovsutgreiing
- styra og leia tverrfaglege prosjektgrupper for vegutbetring
- vere pådrivar for modellbasert planlegging og gjennomføring av våre prosjekt
- saksoppfølging med kommunar, faginstansar, interesseorganisasjonar og grunneigarar
- rapportering på økonomi, kvalitet og framdrift i prosjektet
- vere ansvarleg for koordinering av prosjektering i høve byggherreforskrifta, bl.a. reduksjon av risiko knyta til SHA og YM
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
- God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
- Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
- Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kvalifikasjonskrav
Du må ha:
- relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år. Omfattande og relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning
- minimum 3 års relevant erfaring
- god digital kompetanse
- førarkort kl. B
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, då det er arbeidsspråket vårt
Det er ein fordel med:
- kompetanse innanfor planlegging av veg- og trafikksikringstiltak
- kunnskap om planlegging/prosjektering etter plan- og bygningslova
- erfaring som planleggings/prosjekteringsleiar, gjerne for tverrfaglege prosjektgrupper
- kunnskap om modellbasert samhandlingsplattform, f. eks Trimble Connect
- erfaring/kompetanse innan arealplanlegging i privat eller offentleg sektor
- erfaring frå bygg- og anleggsbransjen
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av papira og godkjenninga dine frå HKDIR.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som har interesse for og engasjement innan bygging og vedlikehald av veg. Du er lærevillig og tek initiativ til å tileigna deg ny kunnskap og setja deg inn i nye rutinar. Du har evne til å jobba godt både sjølvstendig og saman med andre, for å få fram gode arbeidsprosessar og løysingar i ulike prosjekt. Då arbeidet inneber mykje koordinering med andre – både interne og eksterne aktørar – er gode kommunikasjonsevner viktig i denne stillinga.
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Om søknadsprosessen
Krav til søknaden
Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekk
For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finn den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandling
Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Stillingsinfo
Kontaktperson
Stillingstyper

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.
Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.
Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.