Fristen for annonsen har gått ut

Nabokontakt
Nabokontakt til Fellesprosjektet Arna-Stanghelle

Kontaktpersoner
Nøkkelord
Fellesprosjektet Arna- Stanghelle (FAS) er Noregs største tunnelprosjekt og eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og Bane NOR. Det skal byggast nesten 80 km tunnel som eit tunnelsystem for veg og bane. Prosjektet omfattar to nye jernbanestasjonar og nye kryssløysingar for veg i dagsonene. Byggestart er planlagt i 2026 og prosjektet vil bli gjennomført med felles organisering, prosjektering og bygging av Statens vegvesen og Bane NOR.
Du finn meir informasjon om prosjektet her: Fellesprosjektet Arna – Stanghelle
Trivst du i dialogarbeid og har sterk evne til bodskapsformidling?
FAS er eit langstrakt prosjekt med svært mange naboar og interessentar. Storleiken og varigheita til prosjekter gjer at vi vil påverke omgivnadene våre og informasjonsbehovet er svært stort. Prosjektet skal være i forkant med god og tydeleg informasjon og aktivt følje opp alle førespurnader. Som nabokontakt vil du vere ein brubyggjar mellom prosjektet og naboar/interessentar. Alt kommunikasjonsarbeid vil skje i tett samarbeid med prosjekt- og byggeleiinga og du vil bidra til at vi likebehandlar omgivnadene våre på tvers av prosjektets organisasjon og geografiske utstrekning. Samarbeid og koordinering er viktig for å lykkast i arbeidet og du må trivst med mykje intern dialog og avklaringsarbeid. Dette for å både gje gode råd til linja i prosjektet, men og for å få tak i og klargjere informasjon for å gjere den forståeleg og tydeleg for omverden. Ein del arbeid vil gå føre seg ute og du er komfortabel med oppsøkande dialog. Du er oppteken av at FAS sitt omdømme best blir teken i vare på gjennom at folk blir tatt på alvor.
Brenner du for moglegheitene i digitale verktøy og sosiale medieplattformer?
Mykje informasjonsarbeid skal gjerast proaktivt og vi skal bruke tilgjengelege digitale plattformer. FAS har ein eigen visualiserings- og informasjonsplattform i ArcGIS Storymap, (kartforteljing) saman med prosjektets eigne heimesider. Som nabokontakt har du hovudansvar for å halde kartforteljinga oppdatert og promotere denne i dialog med omverden. Videre vil du bidra til innhaldsproduksjon på både heimesida og sosiale medieplattformer. Du skal arbeide tett med kommunikasjonsrådgjevarane i prosjektet, samt koordinere i samarbeid med entreprenør om for eksempel sms-varslingar om støyande arbeider.
Det er mykje praktisk arbeid knytt til stillinga som å svare ut telefon og e-post, administrasjon av alternativ overnatting, nabomøter ol. Det vil og vere naudsynt å hjelpa til med trafikksikkerheitsarbeid til anleggsdrifta opp mot skoler, barnehagar ol. Møter på kveldstid må reknast med.
Du kjenner deg igjen i fleire av desse punkta:
- Høgare utdanning innanfor relevant fagområde. Relevant fagleg erfaring og gode personlege forutsetningar for stillinga kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Erfaring frå ekstern kommunikasjonsarbeid og samfunnskontakt
- Sterk formidlingsevne både munnleg og skriftleg (både bokmål og nynorsk)
- Kjennskap til bygge- og anleggsbransjen
- Sterke generelle datakunnskapar og bruk av elektroniske verktøy
- Erfaring med GIS og ikkje minst interesse for verktøyet ArcGIS Storymap
- Førarkort i klasse B
- Erfaring med publisering på webløysningar og sosiale media
- Du er glad i menneske, glad i å hjelpe og innbyr til tillit
- Du er eit profesjonelt servicemenneske og oppteken av gode relasjonar
- Du er svært sjølvgåande, strukturert og proaktiv i ditt arbeid.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i FAS blir du ein del av både Statens vegvesen og Bane NOR. Prosjektet har ei varigheit på 12-14 år og her er ein unik moglegheit til å jobbe for to av Noregs største byggherrar samstundes. Her vil du påverke samfunnsutviklinga til eit svært etterlengta samferdselsprosjekt, der vi skal prosjektere og bygge både ny veg og bane i eit skredfarleg område. Du vil bli teken godt imot av prosjektet der du blir ein del av eit fagmiljø.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- ei viktig posisjon i eit av Noregs største samferdselsprosjekt. En utfordrande og ansvarsfull rolle i eit svært spennande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- ansvar og fagleg oppfølging hos to av Noregs største byggherrar samtidig
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
- Arbeidsstad er anleggskontor i Arna, men i Bergen sentrum frem til dette er etablert. Heimekontor etter nærmare avtale.
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Testar og bakgrunnssjekk
Vi bruker arbeidspsykologiske testar for å vurdere kandidatars eigenskapar, ferdigheiter og kvalifikasjonar for stillinga. Desse testane bidreg til å sikre ei rettferdig og objektiv vurdering av alle kandidatar, og dei hjelper oss med å finne den mest kvalifiserte personen for stillinga. Vi bruker også bakgrunnssjekk på utvalde stillingar for å verifisere og søkje etter informasjon som kan ha noko å seie for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Rekrutterande personalleiar: Katrine Sælensminde Erstad
(+47) 41 68 09 12 | katers@vegvesen.no
Rekrutterande oppgåveleiar: Yvonne Hovland
(+47) 94 30 99 87 | yvonne.hovland@banenor.no
Stillingsinfo
Kontaktpersoner
Stillingstyper
Industrier

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.
Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.
Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.