Fristen for annonsen har gått ut

Leiarstillingar

Vil du vere med på laget og ta utviklings- og leiaroppgåver?

Norconsult ASFørde28. august 2023
Søk her

Kontaktperson

Tone Kristin Myklebust Kvåle

Leder kontor

Tone.Myklebust.Kvale@norconsult.com

Norconsult med sine snart 6000 tilsette har ein tydeleg distriktsprofil. Vi vil vere der dei spennande prosjekta er, og der våre tilsette vil bu. Difor er vi no til saman 75 medarbeidarar fordelt på 7 kontor i Sogn og Fjordane.

Ettersom vi veks, treng vi fleire fagleiarar, vi ser etter deg som har fagleg erfaring og ambisjonar om utviklings- og leiaroppgåver innan eit eller fleire av våre marknadsområde. For tida er dette samfunns- og arealplanlegging, energi, industri, samferdsle, infrastruktur, vatn, avløp, bygg og anlegg, miljø og geofag. Vi har ein fleksibel organisasjon som vi tilpassar etter kva team vi vil etablere og satse på.

Vi søkjer dyktige og engasjerte leiarar til å vidareutvikle ei eller fleire faggrupper i Førde. Som leiar vil du vere ein sentral figur i å utvikle og styrke vår posisjon i regionen. Du vil ha ansvar for å leie og motivere eit team av planleggjarar, ingeniørar og rådgjevarar, og sikre høg kvalitet i leveransane våre. Du vil også vere ein viktig kontaktperson for våre kundar og samarbeidspartnarar, og bidra til å bygge sterke relasjonar.

Bli med oss å gjere kvardagen betre!

Norconsult er det største rådgjevarmiljøet i landet og har stort fokus på samarbeid, berekraft og effektive, innovative og digitale arbeidsprosessar. Norconsult finn løysningar gjennom samskaping og bruk av digitale verktøy, og er leiande innan gjennomføring av heldigitale og teikningslause prosjekt. Vi dekkjer alle involverte fag i oppdraga våre og kan difor sette saman komplette team av eigne medarbeidarar som kan jobbe tett saman i det daglege prosjektarbeidet.

I Førde har Norconsult ei tverrfagleg rådgjevargruppe i vekst som utfører spennande og varierte oppdrag i eit godt arbeidsmiljø. Oppdraga vert ofte gjennomførte på kryss og tvers internt i Sogn og Fjordane, men også i andre deler av landet og i tett samarbeid med andre fagområde, kontor og avdelingar i heile Norconsult.

Vi er over 75 medarbeidarar lokalt i Sogn og Fjordane, med kontor i Førde, Flekke, Sogndal, Gaupne, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid. Vi jobbar med planlegging, prosjektering og leiing av oppdrag innan alle typar prosjekt, offentlege og private. Vi utfører tenester innan prosjektstyring, samfunns- og arealplanlegging, og prosjektering innan marknadane industri, energi, industri, samferdsle og infrastruktur, og bygg og anleggs.

Vi har høge ambisjonar og ideal innan berekraft, digitalisering og samarbeid, og vert inspirerte av å kople det samen med kundane sine behov, slik at vi kan komme fram til den optimale leveransen for det aktuelle prosjektet.

Dine arbeidsoppgåver kan typisk vere:

  • Leie og utvikle ei fag/marknads-gruppe ved kontoret i Førde
  • Personalansvar for en gruppering av tilsette ved kontoret
  • Planlegging og gjennomføring av prosjekt
  • Fagretta arbeid direkte i oppdrag
  • Samarbeid med kundar, samarbeidspartnarar og offentlege instansar
  • Bidra til salgs- og marknadsaktivitetar
  • Sørge for at prosjektene leverer i tråd med kundens forventningar og kvalitetsstandardar

For oss er det ønskjeleg at du:

  • Relevant høgare utdanning innanfor plan og ingeniørfag eller tilsvarande
  • Erfaring frå leiande stillingar innanfor rådgjevande plan og ingeniørfag
  • God kunnskap om prosjektleiing og prosjektstyring
  • Sterk kommersiell forståing og evne til å bygge gode relasjonar
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk (skriftleg og munnleg)
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert

Vi tilbyr:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Vi tilbyr ein utfordrande stilling i ei solid og framoverretta bedrift, med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
  • Du vil bli ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og brei erfaring.
  • Norconsult tilbyr konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår, og legg til rette for fleksibel arbeidstid
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet

Innsending av søknad

Søknad med CV, vitnemål og attester skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Vi gjer merksam på at det kun er dei elektroniske søknadene som vil bli handsama. Søknaden må vere skriven på eit skandinavisk språk.

Ring oss gjerne for ein prat.

Kontaktpersonar for stillinga er avdelingsleiar Lars-Idar Vegsund, lars.vegsund@norconsult.com, tlf. +47 454 04 686 eller kontorleiar Tone Myklebust Kvåle, tone.myklebust.kvale@norconsult.com, tlf +47 958 07 509.

I Norconsult utviklar vi samfunnet for morgondagen ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har ei heilskapeleg tilnærming med utgangspunkt i at vi er lokalt tilstades og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Vi er eit medarbeidar-eigd rådgjevarselskap, og våre 5 900 medarbeidarar er fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant anna bygg og eigedom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT.

Stillingsinfo

Frist28. august 2023
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Tone Kristin Myklebust Kvåle

Leder kontor


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Norconsult AS

Norconsult er et ledende nordisk rådgiverselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekter i privat og offentlig sektor, innen infrastruktur, energi og industri, bygg, eiendom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med formålet «Hver dag forbedrer vi hverdagen», søker vi stadig etter mer bærekraftige, effektive og samfunnsnyttige løsninger. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 500 medarbeidere fordelt på over 140 kontorer i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfaglig kompetanse med lokal tilstedeværelse.

For Norconsult er det en grunnleggende forutsetning at alle mennesker likeverdige. Målet er at våre medarbeidere skal ha de samme mulighetene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av hvem de er eller hvordan de identifiserer seg. Et bredere spekter av perspektiver hjelper oss å forstå alle deler av samfunnet, utfordrer oss i våre oppdrag og fører til en høyere grad av innovasjon. Vi ønsker derfor medarbeidere med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.