Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Kvalitetsansvarleg

Følg opp Norgeshistorias største samferdselskontrakt!

Statens vegvesenStraume10. oktober 2023
Søk her

Om Rv. 555 Sotrasambandet

Vi har starta arbeidet og treng fleire kloke og motiverte medarbeidarar med på laget! Tek du utfordringa?

Statens vegvesen har ledig stilling som kvalitetsansvarleg på den største kontrakten nokon sinne i vegvesenet, Rv. 555 Sotrasambandet. Prosjektet vert gjennomført som Offentleg-Privat Samarbeid (OPS), dvs. at leverandøren skal finansiere, prosjektere, bygge og drifte vegstrekningen. Sotra Link AS skal byggje på vegne av vegvesenet og kjem til å ha om lag 1000 personar i arbeid når anlegget er i full drift. Vegvesenet har etablert eit kompetent og variert prosjektteam med om lag tjuefem medarbeidarar som skal følgje opp prosjekteringa og bygginga av heile prosjektet. Prosjektet byr på spanande utfordringar og høgt tempo, og teamet møter dagleg fagleg kompliserte oppgåver og utfordringar som vert løyste tverrfagleg.

Stillinga skal sikre etterlevelse av kvalitetsarbeida og vere ein del av ein stab på om lag 15 personar som skal ha ansvar for å følgje opp kvalitetsleveransane i prosjektet. I tillegg skal du koordinere og følgje opp samhandlingsverktøyet Aconex mot leverandør, rådgivarar/konsulentar, entreprenørar med fleire.

Stillinga er knytt til Utbyggingsdivisjonen med totalt ca. 900 tilsette i heile Noreg. Divisjonen har hovudkontor i Bergen, men denne stillinga har kontorstad på Straume anlegg.

Vegsystemet som skal byggjast ligg vest for Bergen og består av ca. 10 km veg. Prosjektet inkluderer fire tunnelar, fleire kompliserte kryss, ny firefelts hengebru (Nye Sotrabru), 22 betongbruer og 19 kulvertar. Byggjetida er rekna til fem år, med trafikkopning 1. juni 2027.

Som tilsett hos oss får du vere med på å løyse samfunnsoppdraget vårt og i tillegg vere med å forme eit prosjekt som etterlet seg eit etterlengta veganlegg med landemerke som vil vere synleg i over 100 år.

Ansvar og arbeidsoppgåver

  • Følge opp OPS kontraktens krav, leveransar og etterleving av ISO 9001 og andre sertifiseringsstandarder som skal etterlevast
  • Gjennomføre kvalitetsrevisjonar og verifikasjonar i samsvar med kontrakten
  • Vere oppdragsgjevar sin representant og observatør på inspeksjonar, revisjonar, kvalitetsgranskingar og verifikasjonar
  • Leie arbeidet med å utarbeide og oppdatere styringsdokument, kvalitetsplanar og årsplanar i prosjektet
  • Bidra til at Sotrasambandet søker den mest effektive gjennomføringsmetoden av arbeidet
  • Arbeide aktivt for å utvikle digitale løysingar for kvalitetssikring

Kvalifikasjonar

  • Min 5 års utdanning frå universitet eller høgskule
  • Skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Førarkort klasse B

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om autorisert oversetting av papira dine og godkjenning frå HKDIR (direktoratet for høgare utdanning og kompetanse).

Det er ein fordel om du har:

  • Erfaring med dokumenthåndtering
  • God IT-kompetanse
  • Erfaring frå OPS prosjekt
  • Erfaring frå arbeid i fleirfaglege prosjekt med høg kompleksitet
  • Erfaring med å følgje opp aktivitetar til å leie komplekse oppgåver

Vi legg vekt på at du

  • finn god balanse mellom operativt og strategisk oppfølging
  • er ein positiv lagspelar som tek initiativ og er løysingsorientert
  • bidreg aktivt i oppfølging av OPS leverandøren, kommunar og andre interessentar i prosjektet
  • samarbeider godt og trivest med å jobbe med fleire oppgåver samtidig
  • har gode personlege eigenskapar

Les dette før du søker!

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Stillingsinfo

Frist10. oktober 2023
ArbeidsspråkNorsk

Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.