Fristen for annonsen har gått ut

Kontrollingeniørar

Vi søkjer etter kontrollingeniørar med erfaring frå tunnelprosjekt!

Statens vegvesenÅlesund6. november 2023
Søk her

Kontaktperson

Ole Kristian Birkeland

Prosjektleiar

+47 909 68 712

Om stillinga

Bypakke Ålesund har starta opp, og vi treng fleire dyktige folk i vårt prosjektteam. Dei første kontraktane er no i gong. Vi planlegg oppstart av tunnelarbeida vinteren 2024, med anbudsprosessen som vil bli gjennomført hausten 2023. Gjennom Bypakke Ålesund skal Statens vegvesen byggje ny firefelts innfartsveg til Ålesund på strekninga frå Breivika til Lerstad. Den nye vegen vil i hovudsak gå i ein tunnel på 2,6 kilometer, og i vest skal det byggjast nytt toplanskryss.

Målet med bypakken i Ålesund er at fleire skal sykle, gå, og reise kollektivt, og at delen av bilreiser skal ned. Framkommelegheit for privatbil og næringslivet skal ivaretakast, kollektivtilbodet skal vesentleg forbetras, og gang- og sykkelnettet skal utbetrast merkbart. Bypakkens eigen nettside viser dei ulike prosjekta.

Arbeidsoppgåver

Du vil bidra på fleire prosjekt, men hovudprosjektet blir Lerstadtunnelen. Som kontrollingeniør skal du ha ansvar for å følgje opp tunnelarbeid, driving, sikring og injeksjon i første fase. Seinare vil du arbeide med vegbygging, VA, konstruksjon og vatnsikring. Stillinga som kontrollingeniør vil innebere varierte og spennande arbeidsoppgåver, mellom anna:

• Kontroll og dokumentasjon av entreprenørane sitt arbeid ute på anlegget

• Bistå byggeleiar i oppfølging av kontraktane

• Delta aktivt i HMS-arbeidet

Arbeidsoppgåvene utførast i nær samarbeid med byggeleiar og prosjektet sine øvrige medarbeidarar. For å følgje opp tunnelarbeida vil ein inngå i ein turnus, til dømes 12-9-ordning med 2 veker på og 1 veke fri. Turnus/skiftordning kan endre seg.

Kontorstad for stillinga er Ålesund.

Kompetansekrav

  • 3 års utdanning frå universitet eller høgskule med relevant fagkrets
  • Du må ha førarkort klasse B
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk er nødvendig

Vi vektlegg erfaring frå tunnelprosjekt i tettbygde strok og at du beherskar elektroniske verktøy for blant anna oppfølging og rapportering. Manglande formell utdanning kan kompenserast ved inngåande relevant erfaring og gode personlege føresetnader for stillinga.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Personlege eigenskapar

For å lukkast i rolla som kontrollingeniør ser vi etter deg som har gode relasjonsbyggande eigenskapar, med evne og vilje til å samarbeide og kommunisere internt og eksternt. Vi trur du er initiativrik og fleksibel. Vi ser etter deg som kan arbeide sjølvstendig og strukturert. Om du synest dette er ei passande skildring av deg, ønskjer vi veldig gjerne at du tar kontakt. Vi kan love deg at du finn eit svært godt kollegialt miljø i Statens vegvesen, som skal ut på ei svært spennande reise. Ei reise som treng fleire dyktige medarbeidarar.

Les dette før du søkjer!

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt prosjektleiar Ole Kristian Birkeland på telefon +47 909 68 712.

Stillingsinfo

Frist6. november 2023
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Ole Kristian Birkeland

Prosjektleiar


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.