Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Kontrollingeniør veg/VA

Bli med på historisk prosjekt!

Statens vegvesenStraume10. oktober 2023
Søk her

Kontaktperson

Lene Sælen Rivenes

Prosjektsjef

lene.saelen.rivenes@vegvesen.no

Om Rv. 555 Sotrasambandet

Vi har starta arbeidet og treng fleire kloke og motiverte medarbeidarar med på laget! Tek du utfordringa?

Statens vegvesen har ledig stilling som kontrollingeniør innan veg/VA på den største kontrakten nokon sinne i vegvesenet, Rv. 555 Sotrasambandet. Prosjektet vert gjennomført som Offentleg-Privat Samarbeid (OPS), dvs. at leverandøren skal finansiere, prosjektere, bygge og drifte vegstrekningen. Sotra Link AS skal byggje på vegne av vegvesenet og kjem til å ha om lag 1000 personar i arbeid når anlegget er i full drift. Vegvesenet har etablert eit kompetent og variert prosjektteam med om lag tjuefem medarbeidarar som skal følgje opp prosjekteringa og bygginga av heile prosjektet. Prosjektet byr på spanande utfordringar og høgt tempo, og teamet møter dagleg fagleg kompliserte oppgåver og utfordringar som vert løyste tverrfagleg.

Stillinga skal sikre etterlevelse og oppfølging av veg og VA. Blir du ein av våre nye kontrollingeniørar vil du få jobbe spesifikt innan fagområdet vegbygging og VA.

Stillinga er knytt til Utbyggingsdivisjonen med totalt ca. 900 tilsette i heile Noreg. Divisjonen har hovudkontor i Bergen, men denne stillinga har kontorstad på Straume anlegg.

Vegsystemet som skal byggjast ligg vest for Bergen og består av ca. 10 km veg. Prosjektet inkluderer fire tunnelar, fleire kompliserte kryss, ny firefelts hengebru (Nye Sotrabru), 22 betongbruer og 19 kulvertar. Byggjetida er rekna til fem år, med trafikkopning 1. juni 2027.

Som tilsett hos oss får du vere med på å løyse samfunnsoppdraget vårt og i tillegg vere med å forme eit prosjekt som etterlet seg eit etterlengta veganlegg med landemerke som vil vere synleg i over 100 år.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av leverandørens gjennomføring og dokumentasjon
  • Følge opp OPS leverandøren si etterleving av krav i kontrakten, forskrifter, handbøker og normalar innan fagområdet
  • Kontrollere utføringa av arbeida i byggjefasen knytt til veg og VA
  • Koordinere grensesnitt på tvers av fagområde

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule
  • Gode digitale ferdigheiter
  • God skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Førarkort klasse B
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid er ein fordel

Vi vil vektlegge erfaring og interesse med bruk av BIM/fagmodellar og gode kunnskaper i bruk av digitale verktøy.

Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om autorisert oversetting av dine papir og godkjenning frå HKDIR (Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse).

Vi legg vekt på at du

  • finn god balanse mellom operativt og strategisk oppfølging
  • er ein positiv lagspelar som tek initiativ og er løysingsorientert
  • bidreg aktivt i oppfølging av OPS leverandøren, kommunar og andre interessentar i prosjektet
  • samarbeider godt og trivest med å jobbe med fleire oppgåver samtidig
  • har gode personlege eigenskapar for stillinga

Les dette før du søkjer!

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga eller arbeidsoppgåvene?

Ta kontakt med prosjektsjef Lene Sælen Rivenes tlf 93227521 eller epost lene.saelen.rivenes@vegvesen.no.

Stillingsinfo

Frist10. oktober 2023
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Lene Sælen Rivenes

Prosjektsjef


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.