Ny i dag

Kontrollingeniør, veg og trafikk

Kontrollingeniør blir søkt til ein av dei største kontraktane nokon sinne i Vegvesenet.

Statens vegvesen Straume23. november 2025
Søk her

Kontaktperson

Håkon Matre

Prosjektleder

+47 411 22 137

Vi søker kontrollingeniør til å følje opp Norgeshistorias største samferdselskontrakt – Rv. 555 Sotrasambandet

Statens vegvesen har ledig stilling som kontrollingeniør veg og trafikk på ein av dei største kontraktene nokon sinne i Vegvesenet, Rv. 555 Sotrasambandet. Prosjektet vert gjennomført som Offentleg-Privat Samarbeid (OPS). Sotra Link AS skal byggje på vegne av Vegvesenet og har per i dag ca. 800 personar i arbeid.

Stillinga vil vere ein del av ei gruppe på vel 5 personar som skal ha ansvar for å følgje opp vegbygging og trafikkavvikling i prosjektet.

Som tilsett hos oss får du vere med på å løyse samfunnsoppdraget vårt og i tillegg vere med å forme eit prosjekt som etterlet seg eit etterlengta veganlegg med landemerke som vil vere synleg i over 100 år.

Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • Dagleg oppfølging av leverandørens arbeid på byggeplass knytt til vegbygging og trafikkavvikling
  • Kvalitetssikre leveransane på byggeplass
  • Følge opp leverandørens kvalitets- og fremdriftsplaner mot aktiviteter på byggeplass
  • Utføre stikkprøvekontroll på byggeplass og rapportere i kvalitetssystema
  • Følge opp HMS og YM på byggeplass
  • Vurdere og følge opp rapportering av avvik.
  • Koordinere mot andre fag og kontrollørar
  • Følge opp OPS leverandøren si etterleving av krav i kontrakten, forskrifter, handbøker og normalar innan fagområdet

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.

Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
  • God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
  • Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
  • Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
  • Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen

Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Kvalifikasjonskrav:

Du må ha:

  • Minimum 3-årig teknisk utdanning frå høgskule, eller universitet / relevant fagbrev
  • God skriftlig og muntlig fremstillingsevne på norsk og engelsk
  • Førerkort klasse B

Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.

Det er i tillegg ønskjeleg at du har:

  • Kjennskap til vegbygging og trafikkavvikling
  • Interesse i bruk av BIM
  • Kjennskap frå arbeid i fleirfaglege prosjekt med høg kompleksitet
  • Erfaring frå oppfølging av leverandørar og utstyr knytt til fagområdet

Vi oppfordrar nyutdanna til å søke.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir

Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt.

Vi legg vekt på at:

  • Du finn god balanse mellom operativt og strategisk oppfølging
  • Du er ein positiv lagspelar som tek initiativ og er løysingsorientert
  • Du samarbeider godt og trivest med å jobbe med fleire oppgåver samtidig
  • Du har gode samarbeidsevner, er resultatorientert og set rettidig leveranse høgt
  • Du har fokus på gjennomføring og god kvalitet i leveransane sjølv med høgt tempo og krevjande fristar
  • Du jobbar sjølvstendig og strukturert

Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.

Om søknadsprosessen

Krav til søknaden

Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.

Testar og bakgrunnssjekk

For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finn den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.

Positiv særbehandling

Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.

Stillingsinfo

Frist23. november 2025

Kontaktperson

Håkon Matre

Prosjektleder


Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.