Ny i dag

Kontrollingeniør - tunneloppgradering

Vil du sikre kvaliteten når Nygårdstunnelen får nytt liv?

Statens vegvesen Fyllingsdalen10. november 2025
Søk her

Kontaktpersoner

Stig Berg-Thomassen

Prosjektsjef

stig.berg-thomassen@vegvesen.no

Ruben Onarheim

Prosjektleder

Snart går vi i gang med oppgraderinga av Nygårdstunnelen! Prosjektet startar hausten 2026, med kontraktsinngåing våren 2026, og vi søkjer deg som vil bidra til å forme framtidas infrastruktur på Vestlandet.

Du blir ein del av Tunneloppgradering vest, med kontorstad på Spelhaugen i Fyllingsdalen i prosjektperioden. Her får du arbeide tett saman med erfarne kollegaer i eit fagleg sterkt og engasjert miljø, der samarbeid, utvikling og framtidsretta løysingar står i sentrum. Prosjektet er venta ferdigstilt i løpet av 2028. Som tilsett i Tunneloppgradering vest kan framtidig arbeidsstad vere på andre prosjekt ulike stader på Vestlandet.

Oppgraderinga av Nygårdstunnelen vil i hovudsak skje på natt for å redusere belastninga på samfunnet under den nødvendige oppgraderinga. Dette inneber at den som blir tilsett som kontrollingeniør, må rekne med at ein stor del av kontrollarbeidet vil bli utført på nattestid. Fordelinga av arbeidstida mellom dag og natt vil avhenge av kva fase prosjektet er i, og kva behov prosjektet har.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av entreprenør i byggefasen
  • Løpande kontroll og dokumentasjon av entreprenøren sitt arbeid
  • Utarbeiding av kontrollørmeldingar
  • Bistand til byggeleiinga ved handtering av varsel og krav frå entreprenør
  • Kontroll og godkjenning av målebrev
  • Utarbeiding og oppfølging av Statens vegvesen sine kontrollplanar
  • Deltaking på byggjemøte og andre møte etter behov
  • Oppfølging av SHA og ytre miljø på anlegget

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.

Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
  • God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
  • Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
  • Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.

Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, minimum 3 år. Fagbrev og/eller omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning. Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
  • Erfaring frå anleggsarbeid og kontrolloppgåver
  • Førarkort klasse B
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Vi legg vekt på at du er systematisk og har evne til å arbeide sjølvstendig. I tillegg legg vi vekt på gode samarbeidsevner og evne til å byggje gode relasjonar på arbeidsplassen.

Om søknadsprosessen

Krav til søknaden

Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.

Bakgrunnssjekk

Vi gjennomfører bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.

Positiv særbehandling

Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.

Stillingsinfo

Frist10. november 2025

Kontaktpersoner

Stig Berg-Thomassen

Prosjektsjef

Ruben Onarheim

Prosjektleder


Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.