Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Kontrollingeniør

Drift og vedlikehold vest har ledig stilling som kontrollingeniør innafor vedlikehald.

Statens vegvesenHaugesund3. mars 2024
Søk her

Kontaktperson

Maylen Torsteinbø

Leiar

+47 976 56 525

Om stillinga

Ønsker du å ha ein variert arbeidskvardag med oppgåver ute på byggjeplassen, men også inne på kontoret kan denne jobben passa godt for deg. Her vil du hjelpa til med å utarbeida kontraktane som du sjølv skal følgja opp at blir utførte som bestilt. Kontrollingeniøren vil hjelpa byggjeleiarar for vedlikehaldsoppgåver på/langs veg. Hovudvekta av arbeida du vil følgja opp vil vera relatert til veg, men det kan òg bli behov for bistand for andre fagfelt som t.d. tunnel, bru og asfalt.

Seksjon Vedlikehold vest 2 har i dag 12 medarbeidarar fordelte på kontorstadene Stavanger og Haugesund. Me har ansvar for vedlikehald av veg, bru, dekke, vegoppmerking, kai og tunnel for område Rogaland og Vestland f.o.m. Bjørnafjorden og sørover, og sør frå kryss Kløvet (Jøsendal).

Kontorstad for stillinga er i Haugesund.

Arbeidsoppgåver

  • Kontroll av kontraktarbeid
  • Utarbeide og følgje opp kontrollplanar
  • Følge opp kvalitetssystem og HMS
  • Hjelpe til i arbeid med utarbeiding av kontraktar
  • Delta på byggjemøte, referatskriving
  • Registrering av vegobjekt i datasystem

Kompetansekrav

Me ønskjer oss ein person med erfaring innanfor veg og/eller anlegg. Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, innan relevant fagkrins. Omfattande og relevant erfaring innafor de aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Det er krav om førarkort i klasse B, og ønskjeleg BE.

Det er ønskjeleg med:

  • kunnskap og erfaring med drift eller vedlikehald av veg
  • erfaring med kontrolloppgåver
  • erfaring innanfor innkjøp og anbodsprosessar
  • god kjennskap til dataverktøy
  • god evne til å tileigna seg digital kompetanse

Det vil og bli lagt vekt på:

Me vil vektleggja personlege eigenskapar og ønskjer at du arbeider sjølvstendig og tek initiativ. Du er gjennomføringsorientert og har ei praktisk og strukturert tilnærming til oppgåveløysing.

Me ønskjer at du har god digital kompetanse og dessutan at du har gode samarbeidsevner og kan bidra til eit godt arbeidsmiljø. Det er viktig at du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt leiar Maylen Torsteinbø på telefon +47 976 56 525.

Stillingsinfo

Frist3. mars 2024
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Maylen Torsteinbø

Leiar


Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.