
Kontrollingeniør bru
Vil du være med å sikre Norges bruer for fremtiden?

Kontaktpersoner
Nøkkelord
I Drift og vedlikehald område vest har me 1900 bruer som me følgjer opp. I samband med dette søkjer me etter ein person som kan hjelpa byggjeleiar med å følgja opp arbeid som blir utført på dei ulike bruene, i hovudsak i gamle Sogn og Fjordane, men det kan bli aktuelt å hjelpa til i heile vest (Rogaland og Vestland).
Då det ofte er lange avstandar mellom jobbane på bru vil det kunne bli ein del tid åleine i bil, men framme på staden har det mykje å seia at ein får til ein god dialog saman med entreprenør slik av me saman kan ta best vare på bruene våre.
Stillinga vil ha kontorstad i Leikanger, og tilhøyra Vedlikehald vest 1. Hos oss vil du bli ein del av ein hyggjeleg og kunnskapsrik gjeng - og du vil arbeida tett saman med byggjeleiarar og prosjektleiarar. Me har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og me vil gi deg god opplæring og oppfølging. Noko nattarbeid må påreknas.
Arbeidsoppgåver
- Kontroll og dokumentasjon av arbeida som entreprenøren utfører, også med oppfølging ute på staden
- Følgja opp måla våre og delta i arbeidet med HMS, økonomi, kvalitet og framdrift
- Støtte byggjeleiar i oppfølging og utarbeiding av kontrakt
- Delta på byggjemøte, referatskriving
- Inspeksjon av bruer
- Bidra i faggruppas arbeid med forvaltning av konstruksjonar
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
- God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
- Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
- Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
- Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kvalifikasjonskrav
- Vi ser etter deg som har minimum treårig utdanning frå universitet eller høgskule. For kandidatar med sterk og allsidig praksis innan fagområdet bru/konstruksjon, eventuelt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
- Førarkort klasse B.
- Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner på norsk.
Vi ønskjer oss ein ny medarbeidar som har kunnskap og erfaring med drift eller vedlikehald av konstruksjonar. Erfaring med kontrolloppgåver, samt erfaring innan innkjøp og anbodsprosessar, vil bli vektlagt. Vi ser etter deg som har god kjennskap til dataverktøy og evne til å tileigna seg digital kompetanse.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir
Personlege eigenskapar
Du har gode samarbeidsevner og trivst med å jobba saman med både interne og eksterne aktørar. Du kommuniserer tydeleg og effektivt, og har evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert. Du planlegg arbeidet ditt godt og er fleksibel og tilpassingsdyktig i møte med ulike arbeidsoppgåver. I tillegg bidreg du positivt til arbeidsmiljøet.
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Om søknadsprosessen
Krav til søknaden
Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekk
For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finn den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandling
Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Stillingsinfo
Kontaktpersoner
Stillingstyper

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.
Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.
Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.