Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Kontrollingeniør

Jobbmulighet innanfor vegbygging og kontroll ved Statens vegvesen!

Statens vegvesenVoss22. oktober 2023
Søk her

Kontaktperson

Tone Anette Espe

Seksjonsleiar

tone.espe@vegvesen.no

Trafikksikkerheit og god framkomst på vegane har stor betydning for næringsliv, privatpersonar og andre vegbrukarar. Drift og vedlikehald er derfor eit viktig satsingsområde for Statens vegvesen. Divisjon drift og vedlikehald har ei rolle som vegeigar for riksvegane inkludert riksvegferjestrekningar, samt vi planlegger og gjennomfører mindre utbyggingsprosjekt.

I seksjon plan og utbygging vest 1 har vi ansvar for planlegging og bygging av ulike investerings- og utbetringsprosjekt på riksvegnettet. No søker vi etter ein erfaren kontrollingeniør. Hos oss vil du få ein variert kvardag med mange ulike arbeidsoppgåver og problemstillingar. Du vil jobbe i prosjekt saman med fleire av våre byggeleiarar og prosjektleiarar, for tida hovudsakleg på prosjekt i områda Voss og Hardanger. Vi tilbyr eit godt fagmiljø, og vi vil gje deg god opplæring og oppfølging.

Kontorstad vil vere Voss.

Dine arbeidsoppgåver vil blant anna vere:

  • ansvar for utarbeiding av kontrollplanar
  • gjennomføre kontrollar etter fastsatt kontrollplan, rapportere og følgje opp kvalitet
  • vere ein del av byggeleiinga som føl opp kontrakt med entreprenør
  • delta i ulike møter og vere ute på anleggsstaden
  • delta aktivt i HMS-arbeidet

Kompetansekrav

Vi ser etter deg som har minimum treårig ingeniørutdanning på universitets- eller høgskolenivå og som har relevant og tverrfagleg erfaring frå bygging av veg.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuelt etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning vurderast fråvike.

Videre ser vi etter deg som har:

  • Gode IT-ferdigheiter
  • Erfaring med GPS og innmålingsutstyr
  • Erfaring med masseberegning og modellbasert gjennomføring
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar som gjennomføringsevne og sjølvstendighet vil bli vektlagt.

Stillinga krev førarkort klasse B.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Les dette før du søkjer!

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt seksjonsleiar Tone Anette Espe tlf. 959 48 075 eller e-post tone.espe@vegvesen.no.

Stillingsinfo

Frist22. oktober 2023
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Tone Anette Espe

Seksjonsleiar


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.