Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Kontrollingeniør

Er du vår nye kontrollingeniør på utbetringsprosjekt?

Statens vegvesen Bergen4. februar 2024
Søk her

Kontaktperson

Tone Anette Espe

Leiar

+47 959 48 075

Om stillinga

Vi søker etter kontrollingeniør til seksjon plan og utbygging vest 1. Seksjonen har ansvar for å planlegge og gjennomføre vegprosjekt på riksvegnettet i vårt geografiske område. Hos oss vil du få ein variert kvardag med mange ulike arbeidsoppgåver og problemstillingar.

Som kontrollingeniør vil du jobbe tett saman med fleire av våre byggeleiarar og prosjektleiarar. For tida hovudsaklig på prosjekt i området Hordaland nord.

Dine arbeidsoppgåver vil blant anna vere:

  • ansvar for utarbeiding av kontrollplanar
  • gjennomføre kontrollar etter fastsatt kontrollplan, rapportere og følgje opp kvalitet
  • vere ein del av byggeleiinga som føl opp kontrakt med entreprenør
  • jobbe i digitale verktøy bl.a. innsyn og kontroll i digitale modellar av det som er prosjektert og som skal byggast
  • delta aktivt i HMS-arbeidet

Kontorstad vil vere Bergen. Vi tilbyr eit godt fagmiljø, og vi vil gje deg god opplæring og oppfølging.

Kompetansekrav

Det blir krevd relevant utdanning frå høgskule eller universitet, minimum 3 år. Omfattande og relevant erfaring innafor de aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning. Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Kven er du?

  • du har jobba med bygging, eller drift og vedlikehold av veg
  • du må ha førarkort klasse B.
  • du bør ha kjennskap til digitale arbeidsverktøy for modellbasert gjennomføring av prosjekt, og gjerne bruk av landmålingsutstyr
  • du bør har erfaring med kontraktsoppfølging
  • du er sjølvstendig og har gjennomføringskraft
  • du samarbeider godt med andre
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt leiar Tone Anette Espe på telefon +47 959 48 075.

Stillingsinfo

Frist4. februar 2024
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Tone Anette Espe

Leiar


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.