Ny i dag

Kontraktrådgivar

Offentlege anskaffingar og entreprisekontraktar

Statens vegvesenBergen15. april 2026
Søk her

Vi søkjer ein fagleg sterk og samarbeidsorientert kontraktrådgivar som vil spele ei sentral rolle i arbeidet med offentlege anskaffingar, entreprisekontraktar og profesjonell kontraktsoppfølging.

Kontrakt og marknad støttar divisjonsleiinga og utbyggingsprosjekta med rådgiving innan anskaffingar, entrepriserett, prosjektutvikling, plan og bygg, HMS, seriøsitet, klima og miljø. Vi har òg ansvaret for utvikling av konkurransegrunnlag, kontraktar, rammeverk, handbøker og rettleiarar, i tillegg til kompetanseutvikling på tvers av divisjonen.

Avdelinga består av 39 medarbeidarar og er organisert i tre seksjonar: Anskaffingar, Kontrakt og HMS og berekraft, i tillegg til eit prosjektutviklingsteam. Som kontraktrådgivar vil du inngå i seksjonen Anskaffingar Utbygging og/eller Kontrakt Utbygging, men du vil samarbeide tett på tvers av avdelinga etter kva prosjekta har behov for.

Det må reknast med noko reiseverksemd.

Arbeidsoppgåver

I denne rolla vil du bidra i nokre av dei mest sentrale oppgåvene innan anskaffingar og kontraktsoppfølging i våre utbyggingsprosjekt. Du vil mellom anna:

  • gi rådgiving ved utarbeiding av konkurransegrunnlag og ved tilbodsvurderingar for entreprisar og/eller rådgivarkontraktar
  • delta i gjennomføring av konkurransar, inkludert evaluering og forhandlingar
  • gi råd og støtte i kontraktsoppfølging av entreprisekontraktar og rådgivarkontraktar
  • bidra til utvikling av rammeverk, malar, handbøker og rettleiarar innan anskaffingsområdet
  • utføre andre relevante oppgåver innan fagområdet ved behov

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.

Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
  • God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
  • Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
  • Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
  • Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen

Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Kvalifikasjonskrav

Du må ha:

  • høgare relevant utdanning frå universitet eller høgskule, gjerne innan økonomi eller juridiske fag
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • erfaring frå offentlege anskaffingar, entreprisekontraktar eller liknande fagområde

Vi vil også vektlegge:

  • erfaring med forhandlingar
  • gode samarbeidsevner og trivst i tverrfaglege miljø
  • god digital kompetanse
  • kommersiell forståing

Solid og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir

Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt.

Personlege eigenskapar:

Vi ønskjer oss ein kollega som:

  • kommuniserer tydeleg og fagleg sikkert
  • likar å jobbe tett saman med både prosjekt og fagmiljø
  • har evne til å sjå heilskap og bidra til kontinuerleg erfaringsdeling og utvikling
  • jobbar strukturert og sjølvstendig

Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.

Om søknadsprosessen

Krav til søknaden

Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.

Testar og bakgrunnssjekk

For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Testane gir verdifull innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og bidreg til ei rettferdig og objektiv vurdering.

Som ein del av rekrutteringsprosessen gjennomfører vi bakgrunnssjekk i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykket på kandidaten, og tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk.

Positiv særbehandling

Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.

Sted: Nygårdsgaten 112, Bergen

Stillingsinfo

Frist15. april 2026

Industrier

Bygg og anlegg,Samferdsel og infrastruktur,Juridiske tjenester,Konsulent og rådgivning

Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.