
Kontorsjefar Teknisk planlegging
Vil du vere kontorsjef der du kan kombinere personalleiing og arbeid med fag?
Nøkkelord
Om stillinga
Vi skal tilsetje tre kontorsjefar på seksjon Teknisk planlegging!
Teknisk planlegging er ein landsdekkande seksjon i divisjon Drift og vedlikehold, med 52 medarbeidarar som jobbar med prosjekt innan planlegging, prosjektering, bygging og drift- og vedlikehaldsfase. Seksjonen er i stadig utvikling, og for å kunne levere gode og framtidsretta tenester, styrkjer vi no leiarkapasiteten med tre kontorsjefar som får ansvar for kvar sine kontorområder i seksjonen.
Stillingane kan lokaliserast i Tromsø, Bodø, Bergen, Arendal eller Lillehammer. Andre kontorstadar der vi har medarbeidarar kan og vere aktuelle, ta kontakt for meir informasjon.
Leiing i Statens vegvesen
I Statens vegvesen har vi utvikla tre leiarprinsipp som seier noko om forventningane vi har til god leiing hos oss:
- Sett retning – Du ser framover, tek vare på heilheita og viser veg.
- Ver til stades – Du lyttar, tek vare på medarbeidarane og motiverer til innsats.
- Skap saman – Du er drivkraft for samarbeid og deling. Du gjer det trygt å utforske nye mogelegheiter.
Prinsippa byggjer på våre verdiar og gir retning for korleis vi leier, samhandlar og utviklar oss – både som enkeltpersonar og organisasjon.
Arbeidsoppgåver
Som kontorsjef vil du få ansvar for å ivareta og bidra til utvikling av seksjonen sine medarbeidarar, og du vil vere ein del av seksjonen si leiargruppe. Du skal bidra til allokering av fagressursar i prosjekt, og du kan og få ansvar for HMS, kompetanseutvikling, kvalitetsarbeid m.m. på seksjonen.
I tillegg til personal- og resultatansvar, skal du som kontorsjef også jobbe fagleg i prosjekt innanfor seksjonen sine fagområde. Seksjonen dekkjer fagområde som planleggingsleiing, vegplanlegging, VA/dren, landskap, grønt, naturmangfald, kulturarv, BIM og DAK.
Kvifor skal du velje oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av eit landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling - både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
- God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
- Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
- Faglig påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kvalifikasjonskrav
Du må ha:
- Minimum treårig relevant utdanning på universitets-eller høgskulenivå. Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskrav.
- Relevant erfaring innan eit eller fleire av seksjonen sine fagområde.
- God digital kompetanse.
- Førarkort kl. B.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
Det er i tillegg ynskjeleg at du har erfaring som leiar med personalansvar. Vi vektlegg også motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt:
- Du har ein tydeleg, inkluderande og tillitsbasert leiarstil.
- Du jobbar sjølvstendig, har god gjennomføringsevne og er løysingsorientert.
- Du samarbeider godt med andre og trivst med å jobbe med fleire oppgåver samtidig.
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka, og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Om søknadsprosessen
Krav til søknaden
Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekk
For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finner den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandling
Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Stillingsinfo
Kontaktperson
Stillingstyper
Industrier

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.
Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.
Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.