Fristen for annonsen har gått ut

Kontorsjef

Vi søkjer utviklingsorientert og engasjert leiar til laboratorieseksjonen!

Statens vegvesenOslo eller Bergen31. august 2024
Søk her

Kontaktperson

Kari Østeraas

Leiar

+47 480 81 324

Er du glad i å jobbe i eit variert arbeidsmiljø og har evna til å sjå medarbeidarane dine? Då kan du vere den vi ser etter!

Vi søkjer leiar for eitt av dei to kontorområda våre i laboratorieseksjonen, som består av ca. 40 medarbeidarar totalt. Seksjonen er ein del av Fagressursavdelingen i divisjon Drift og vedlikehald, med tilsette fordelt på 9 lokasjonar over heile landet.

Vi jobbar med grunnundersøkingar, stikkprøvekontroll og kvalitetsoppfølging av byggjekontraktar, og deltek i FoU-prosjekt som skal bidra til at norsk vegbygging, drift og vedlikehald utviklar seg i riktig retning. Laboratorievirksomheten inkluderer undersøkingar av asfalt, bituminøse bindemiddel, steinmateriale, betong og grunnprøver. Stillinga inneber spesialistansvar for grunnundersøkingar og betong.

Seksjonen er inne i ei større omstilling, og du vil, som kontorsjef, få ei sentral rolle i utforming av ein effektiv, god og framtidsretta organisasjon.

Stillinga inneber:

  • personalleiing, økonomi-, mål- og resultatansvar for 15-20 medarbeidarar fordelt på 5-6 kontorstader. Du skal fordele ressursar, leie og koordinere det faglege arbeidet og sørge for fagleg utvikling hos medarbeidarane dine.
  • HMS- og kvalitetsfokus
  • at du er del av leiargruppa til seksjonen og rapporterer til seksjonsleiar
  • leiing av medarbeidarar på fleire lokasjonar og noko reiseverksemd må påreknast

Arbeidsstad vil vere etter avtale, foretrekt kontorstad er ved laboratoriet vårt i Oslo eller Bergen.

Du må skrive i søknaden kva arbeidsstad du ønskjer.

Kompetansekrav

Vi ser etter deg som har relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min. tre år. Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.

Du må ha førarkort klasse B og god munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk.

Det er ein fordel at du har

  • faglig kunnskap innan våre fagområde
  • leiarerfaring, og at du er god på relasjonsbygging og kan vise til god gjennomføringevne
  • erfaring innan HMS-arbeid, kvalitetsarbeid, digitalisering og/eller innan drift og vedlikehald

Vi ser etter deg som:

  • har evne til å utvikle og motivere medarbeidarar gjennom tillit
  • er trygg i rolla og leier tydeleg og inkluderande
  • jobbar sjølvstendig og strukturert, men også er ein god lagspelar
  • tek initiativ, er lojal, løysingsorientert og trivst i eit miljø med høgt tempo og fokus på resultat
  • er opptekne av utvikling innan teknologi og digitalisering

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt leiar Kari Østeraas, tlf. +47 480 81 324.

Stillingsinfo

Frist31. august 2024

Kontaktperson

Kari Østeraas

Leiar


Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig,Ledelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.