Ny i dag

Kontorsjef

Har du erfaring frå eigedomslandmåling og vil leia eit dyktig team?

Statens vegvesen Bergen11. november 2025
Søk her

Kontaktperson

Anniken Iden

Seksjonssjef

anniken.iden@vegvesen.no

Nøkkelord

EigedomslandmålingGeomatikkLeiarskapKontorsjefFagmiljø

Hos seksjonen for geomatikk utbygging ser me etter ein engasjert kontorsjef til å leia og utvikla fagmiljøet vårt innan eigedomslandmåling. Dette er ei spennande moglegheit for deg som vil ta leiarskap for eit kompetent fagmiljø og bidra til at me saman blir endå betre.

Vi jobbar med alt frå eigedomslandmåling til kartgrunnlag, terrengmodellar, fastmerke og kvalitetsoppfølging i plan- og byggjefasar. Seksjonen består av 32 engasjerte medarbeidarar fordelt på geomatikere og eigedomslandsmålarar.

Me er midt i ei spennande utviklingsreise, og for å halda fram med å levera gode og framtidsretta tenester, ønskjer me å styrkja leiarkapasiteten vår. Som kontorsjef vil du ha ansvar for å følgja opp og utvikla rundt 11 dyktige medarbeidarar innan eigedomslandmåling.

Kontorstad for stillinga er i Bergen eller Moss, men me er opne for andre lokasjonar dersom det passar betre for deg.

Arbeidsoppgåver

Som kontorsjef får du ei sentral rolle i den daglege leiinga av vårt kontorområde for eigedomslandmåling. Du vil ha personal- og resultatansvar, og bidra til at teamet leverer tenester av høg kvalitet over heile landet.

Du får høve til å utvikla både menneske og fag. Gjennom tydeleg leiing legg du til rette for kompetanseutvikling, samarbeid og både fagleg og personleg vekst hos medarbeidarane dine – samtidig som du sørgjer for at kontorområdet har rett kapasitet og kompetanse til å møta nye behov. Du får også ansvar for å fordela fagressursar til prosjekt og vil samarbeida tett med seksjonsleiar.

Stillinga gir deg i tillegg høve til å jobba operativt med eigedomslandmåling, til dømes med oppmålingsforretningar, matrikkelføring, kvalitetssikring av eigedomsgrenser og opprydding i eigedomsforhold.

Kontorområdet har tilsette på ulike lokasjonar rundt om i landet, så reiseaktivitet må derfor påbereknast.

Leiing i Statens vegvesen

Som leiar i Statens vegvesen forventes det at du følgjer leiarprinsippane våre – vårt felles kompass for godt leiarskap:

  • Sett retning – eg ser framover, varetek heilskapen og viser veg.
  • Ver til stades – eg lytter, tek vare på medarbeiderane og motiverer til innsats.
  • Skap saman – eg er drivkraft for samarbeid og deling. Eg gjer det trygt å utforske nye moglegheiter.

Prinsippa byggjer på våre verdiar og gir retning for korleis vi leier, samhandlar og utviklar oss – både som enkeltleiarar og som organisasjon.

Kvifor skal du velje oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av eit landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling - både for deg sjølv og for oss.

Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
  • God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
  • Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
  • Faglig påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.

Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Kvalifikasjonskrav

Du må ha:

  • Relevant høgare utdanning frå høgskule/universitet, min. 3 år. Relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensera for manglande formell utdanning
  • Arbeidsspråket vårt er norsk – derfor trengst god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B
  • Du må ha erfaring innan eigedomslandmåling og ha autorisasjon som eigedomslandsmålar

Det er i tillegg ønskjeleg at du har:

  • Leiarerfaring med personalansvar og relevant erfaring innan eigedomslandmåling.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Personlege eigenskapar:

Me ser etter deg som trivst i eit tverrfagleg miljø og som liker å bidra med idear, dela erfaringar og finna gode løysingar saman med andre.

Du er nysgjerrig på ny teknologi og ser moglegheitene han gir for å utvikla både arbeidsmetodar og tenester. Samtidig har du eit oppriktig engasjement for menneske og leiing – du liker å sjå medarbeidarar veksa, og du blir motivert av å bidra til at andre lykkast i prosjekta sine. Som leiar er du tydeleg, inkluderande og tillitsskapande.

Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.

Om søknadsprosessen

Krav til søknaden

Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.

Testar og bakgrunnssjekk

For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finner den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.

Positiv særbehandling

Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.

Stillingsinfo

Frist11. november 2025

Kontaktperson

Anniken Iden

Seksjonssjef


Stillingstyper

Fast ansettelse,Ledelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.