Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Kommunikasjonsrådgjevar

Jobb med kommunikasjon i ein av Noreg sine største samferdselsprosjekt!

Statens vegvesenStavanger27. oktober 2023
Søk her

Kontaktperson

Arne Eithun

Kommunikasjonsleiar

+47 970 55 223

Vil du vere med å forme og utvikle korleis Statens vegvesen kommuniserer rundt nokre av dei største samferdselsprosjekta i landet?

Utbyggingsdivisjonen sitt oppdrag er å planlegge og byggje dei største og mest komplekse samferdselsprosjekta i Norge. Det er stor merksemd og interesse rundt det vi driv med. Då trenger vi dyktige kommunikasjonsrådgjevarar som kan støtte divisjonen med å kommunisere ope og proaktivt om kva vi jobbar med, og korleis det påverkar folk.

I stillingen som kommunikasjonsrådgjevar vil du inngå i ein stab med 14 andre kommunikasjonsrådgjevarar, i tillegg til å jobbe på tvers med andre kommunikasjonsmiljø i etaten. Vi sit på ulike stader over heile landet og har eit solid og stort fagmiljø med stor variasjon i kompetanse. Vi er som eit fotballag og spelar kvarandre gode fagleg, og legg stor vekt på at vi skal trivast på jobben.

Vi leiter etter deg som er nysgjerrig, proaktiv, likar høgt tempo og mykje ansvar. Du lar deg motivere av samfunnsoppdraget vårt, og set pris på ei god historiefortelling.

Oppgåver du kjem til å jobbe mykje med:

  • Bistå kommunikasjonsleiar i å styre og utvikle kommunikasjonsstaben sitt arbeid til å vere i tråd med etaten sine overordna strategiar
  • Enkle kommunikasjons- og tiltaksplanar for prosjekta du får ansvar for
  • Pressemeldingar, kronikkar, lesarinnlegg og nærinformasjon
  • Rådgje ulike prosjekt og fagavdelingar i møte med media og ulike interessentar
  • Lage innhald til nettsider, prosjektsider, intranett og sosiale media
  • Inngå i medievaktordninga vår (kl. 08-15.30 på hverdager)

Kontorsted er Stavanger, men du må rekne med ein del reiseaktivitet i jobben.

Kompetansekrav

Vi ser etter deg som har relevant utdanning på bachelornivå og god erfaring med både strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid. Erfaring og interesse for historieforteljing generelt, og samferdsleformidling spesielt, kjem godt med i denne stillinga. Relevant og omfattande erfaring kan kompensera for utdanningskrav.

Vi ynskjer at du også har kjennskap til og forståing av offentleg forvalting og politiske prosessar. Du formulerer deg godt, både munnleg og skriftleg, du tenkjer nytt og du er flink til å samarbeide og skape tillitsfulle relasjonar. Samtidig må du vere sjølvstendig og strukturert i arbeidet og ha ein vilje til å stå på.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Les dette før du søkjer!

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt kommunikasjonsleiar Arne Eithun, tlf. 970 55 223.

Stillingsinfo

Frist27. oktober 2023
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Arne Eithun

Kommunikasjonsleiar


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.