Fristen for annonsen har gått ut

Kjøretøykontrollør Førde
Bruk fagkompetansen din til å styrke trafikktryggleiken
Nøkkelord
Teknisk kontroll i ei viktig myndigheitsrolle
Dette er ein stilling for deg som er bilinteressert og liker ein variert arbeidskvardag. Arbeidsoppgåvene er ein kombinasjon av teknisk kontroll av køyretøy, saksbehandling og kundekontakt. Du vil du forvalte lover og forskrifter i direkte dialog med kunden. Gjennom stillinga vil du være med å bidra til økt trafikktryggleik kvar dag.
Her kan du lese meir om korleis det er å jobbe som køyretøykontrollør hos oss: Fin balanse mellom kontroll av kjøretøy og kontorarbeid | Statens vegvesen
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde for stillinga.
- Teknisk kontroll av køyretøy i hall
- Saksbehandling innan køyretøyområdet
- Verifisere dokumentasjon for godkjenning
- Rettleie kundar på telefon og e-post om køyretøy og regelverk
- Kontroll av lette køyretøy langs veg
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
- God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
- Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
- Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
- Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kvalifikasjonskrav
Du må ha:
- Fagbrev som mekanikar innan lette eller tunge køyretøy. Alternativ utdanning kan være fagbrev som mekanikar innan bilskade, motorsykkel, anleggsmaskin, landbruksmaskin, teknisk fagskole, maskiningeniør eller annan tilsvarande ingeniørutdanning innan relevante fagområde
- Førarkort klasse B og fyller krava for å oppnå dei resterande førarkostklassane
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, då det er arbeidsspråket vårt
- God kompetanse i bruk av digitale arbeidsverktøy
Det er i tillegg ønskjeleg at du har:
- God og allsidig praksis frå ei eller fleire oppgåver som er tillagt stillinga, gjerne minimum tre års relevant erfaring frå seinare tid
- Evne til å setje deg inn i teknisk fagstoff og regelverk
- Har erfaring med kontorarbeid, dokumentasjon og skriftleg framstilling
Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning - jobb i Norge | HK-dir
Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt. Den som vert tilsett må gjennomføre etatens modulbaserte opplæring. Opplæringa består av ein kombinasjon mellom e-læring og fysiske samlingar.
Personlege eigenskapar:
I tillegg til faglege kvalifikasjonar, ser vi etter ein kollega som har desse personlege eigenskapane:
- Kommuniserer og samarbeider godt med ulike mennesketypar og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Er løysningsorientert og positiv
- Liker kundebehandling
- Er sjølvstendig, ryddig og strukturert
- Forstår ansvaret som ligg i myndigheitsrolla og har ein trygg og roleg framtoning
Vi vil legge stor vekt på at du er personleg egna for stillinga.
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Om søknadsprosessen
Krav til søknaden
Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekk
For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Testane gir verdifull innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og bidreg til ei rettferdig og objektiv vurdering.
Som ein del av rekrutteringsprosessen gjennomfører vi bakgrunnssjekk i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykket på kandidaten, og tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk.
Positiv særbehandling
Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Stillingsinfo
Kontaktperson
Stillingstyper
Industrier

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.
Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.
Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.