Ny i dag

Geomatikar

Vi er på jakt etter ein dyktig geomatikar innan drift og vedlikehald

Statens vegvesenBergen28. november 2025
Søk her

Kontaktpersoner

Ingrid Høydal

Seksjonsleder

ingrid.hoydal@vegvesen.no

Ståle Lorentzen

Fagkoordinator

Nøkkelord

GeomatikkLandmålingGNSSIT kunnskaparGIS verktøy

På seksjonen Geomatikk - Drift og vedlikehald har me eit breitt spekter av spanande oppgåver - frå skanning av bruer, etablering av fastpunkt og eigedomslandmåling, til registrering av dekketilstand (spor og jamnheit på vegnettet, registrering av vegbilete og måling av friksjon) I tillegg har me personar som arbeider med bearbeiding av laserdata frå mobil mapping.

No søkjer me ein geomatikar/landmålar som ønskjer å bli ein del av eit fagleg sterkt og engasjert miljø, og som vil bidra til vidare utvikling av seksjonen vår.

Arbeidsoppgåver

Som geomatikar hos oss vil du mellom anna arbeide med:

  • Skanning og bearbeiding av grunnlag for terrengmodellar
  • Etablering av grunnlagsnett og fastmerkar
  • Innmåling av detaljar
  • Kontroll og kvalitetssikring av stikningsdata
  • Mengdekontroll
  • Setningsmålingar

Arbeidsstad for stillinga er Bergen.

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.

Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
  • God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
  • Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
  • Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
  • Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen

Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Kvalifikasjonskrav

Du må ha:

  • Relevant teknisk utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tre år. Relevant og lang erfaring innan fagområdet kan kompensera for manglande formell utdanning.
  • Må ha erfaring med GNSS og totalstasjon med tilhøyrande programvare.
  • Du må meistra grunnleggjande norsk munnleg og skriftleg
  • Førerkort klasse B

Det er i tillegg ønskjeleg at du har:

  • Gode IT-kunnskapar
  • Kjennskap til aktuelle GIS-verktøy
  • Praktisk erfaring innan dei aktuelle fagområda

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir

Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt.

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og tek initiativ
  • Praktisk og strukturert tilnærming til oppgåveløysing
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å dele kunnskap og bidra til kompetanseutvikling
  • Evne til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Gjennomføringsorientert

Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.

Om søknadsprosessen

Krav til søknaden

Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.

Testar og bakgrunnssjekk

For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finn den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.

Positiv særbehandling

Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.

Stillingsinfo

Frist28. november 2025

Kontaktpersoner

Ingrid Høydal

Seksjonsleder

Ståle Lorentzen

Fagkoordinator


Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.