Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Formerkar

Statens vegvesenBergen9. juni 2023
Søk her

Me har ledig stilling som formerkar for vegoppmerking ved Seksjon Vedlikehold vest 1, divisjon Drift- og vedlikehold. Me har ansvar for vedlikehold av veg, bru, dekke, vegoppmerking, kai og tunnel for område Vestland fylke. Seksjonen har i dag 23 engasjerte medarbeidarar fordelt på kontorstadene Leikanger, Førde, Odda, Nordfjordeid og Bergen, og nå søkjer me formerkar til seksjonen vår.

Som formerkar vil du mellom anna ha følgjande arbeidsoppgåver:

  • Maskinell og manuell merking av posisjon og kode etter dekkelegging/re-asfaltering på riksvegar og europavegar.
  • Siktkontroll og kontroll av merkelinjer
  • Koordinering og oppfølging av entreprenøranes arbeid gjennom vegmerkesesongen
  • Sørgja for at oppmerkinga følgjer gjeldande regelverk
  • Måling og kontroll av høgde i tunnelar
  • Oppdatere NVDB register og delta i planlegginga av vegoppmerking.
  • Bidra til å nå etaten sine mål innan HMS

Utanom sesong for formerking jobbar ein på driftskontrakt for same område, med kontroll og oppfølging av entreprenør sine arbeider både inne og ute. Andre oppgåver innan drift og vedlikehold vil òg vera aktuelle, basert på kvalifikasjonane til søkjar.

Arbeidsområde vil i hovudsak vera gamle Hordaland fylke, men kan òg gå inn i andre områder i Vestland og Rogaland. Ein må rekna med ein god del reiseverksemd, og i merkesesong vil mykje av arbeidet gå føre seg på natt på grunn av høgt trafikknivå på dagtid.

Kontorstad for stillinga er Bergen.

Kompetansekrav

Minimum 2-årig teknisk fagskole med relevant fagområde. Har du relevant fagbrev, eller sterk og allsidig praksis frå fagområdet og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning bli fråvike. Dersom du har tatt hele eller deler av utdanninga din i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå NOKUT (www.nokut.no).

Det er ein fordel om du har praksis og kjennskap til regelverket om vegoppmerking, og at du har erfaring med arbeid på veg, trafikkavvikling og arbeidsvarsling.

Du må ha førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

Vi vil vektlegge personlege eigenskapar. Du er:

  • Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
  • Praktiske og løysingsorienterte tilnærmingar og vurderingar
  • Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver og kjennskap til kontraktarbeid
  • Ryddig, strukturert og med god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode samarbeidsevner

Les dette før du søker!

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsløysingane på ditt fagfelt. Me gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikla deg, både fagleg og personleg, i takt med dei nye utfordringane i samfunnet. Me tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Me tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Din lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ønskjer å vera ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Me har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunnar, erfaringar, kompetansar og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Me oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil me kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservera deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngivast. Viss me ikkje kan ta ønsket ditt til følgje, tek me kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt kontakte seksjonsleier Jens-Ivar Nilsen, e-post jens-ivar.nilsen@vegvesen.no eller mobil 951 31 344

Stillingsinfo

Frist9. juni 2023
ArbeidsspråkNorsk

Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.