Fristen for annonsen har gått ut

Førerprøvesensor Stord

Bidra til at våre vegar blir fylte av kompetente sjåførar!

Statens vegvesenStord10. august 2025
Søk her

Som førarprøvesensor skal du bidra til at våre vegar blir fylte av kompetente sjåførar. Vi søkjer deg som er god på kundebehandling og opptekne av sikker åtferd i trafikken. Les meir om det å vera sensor her.

Arbeidsoppgåver

Hovedoppgåva er gjennomføring av praktiske førarprøver i klasse B, men ved behov kan det også bli aktuelt med prøver i andre klassar eller anna trafikktryggleiksarbeid. Den som blir tilsett som sensor, må gjennomføra grunnutdanning for førarprøvesensorar (TK-studiet). Grunnutdanninga blir avslutta med eksamen.

Kvifor skal du velje oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsløysingane på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med dei nye utfordringane i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av ein fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll


Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Kompetansekrav

Du må ha fullført minst to års universitets- eller høgskuleutdanning (høgskulekandidat). Det er ein fordel om du har trafikklærarutdanning, og du bør ha ei sterk interesse for trafikk og trafikktryggleik. Utdanningskravet kan fråvikast om du har fullført vidaregåande skule og er godkjent trafikklærar. I heilt spesielle tilfelle kan også utdanningskravet fråvikast dersom du har fagbrev som yrkessjåfør.

I tillegg må du

  • ha førerett klasse A og køyreerfaring på MC
  • ha fylt 25 år og hatt førerett klasse B samanhengande dei siste 5 år
  • oppfylle helsekrava for å oppnå førerett i klasse D

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår me ei autorisert omsetjing av papira og godkjenninga dine frå HKDIR.

I tillegg legg vi vekt på at du:

  • kommuniserer godt med ulike typar menneske
  • har god trafikal forståing og gode køyreferdigheiter
  • er fortruleg med bruk av digitale verktøy
  • meistrar godt skriftleg og munnleg engelsk, i tillegg til norsk
  • samarbeidar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • jobbar ryddig og strukturert

Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.

Arbeidsstad for stillinga er Stord trafikkstasjon. Det er viktig for oss å få ei god utnytting av ressursane i våre område, det kan derfor vere aktuelt med ein del reising mellom ulike trafikkstasjonar.

Om søknadsprosessen

Krav til søknaden

Fyll ut feltane "Utdannelse" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Testar og bakgrunnssjekk

Arbeidspsykologiske testar kan inngå som ein del av rekrutteringsprosessen vår, for å vurdere kandidatars eigenskapar, ferdigheiter og kvalifikasjonar for stillinga. Slike testar kan bidra til å støtte ei rettferdig og objektiv vurdering av kandidatane, og hjelpe oss med å finne den mest kvalifiserte personen for stillinga. Vi bruker også bakgrunnssjekk på utvalde stillingar for å verifisere og søkje etter informasjon som kan ha noko å seie for rekrutteringsprosessen.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på DFØ Arbeidsgiverportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngivast. Om vi ikkje kan ta ønsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Sted: Vabakkjen 7, Stord

Stillingsinfo

Frist10. august 2025

Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.