Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Førarprøvesensor

- Voss

Statens vegvesenVoss10. august 2023
Søk her

Kontaktperson

Stein Helle

+47 990 34 807

Å utdanne gode og sikre sjåførar er noko av det viktigaste vi gjer for trafikktryggleiken. Vi søkjer deg som vil dele din kunnskap og erfaring og sørge for at norske vegar vert fylt av kompetente bilførarar.

Les meir om det å vere sensor her

Arbeidsoppgåver

Den viktigaste oppgåva er å vurdere kandidaten si kompetanse under førarprøva. I hovudsak gjeld dette førarkortklasse B, men etter eventuell vidareutdanning kan det vere aktuelt med førarprøvar i andre førarkortklassar.

Den som vert tilsett som sensor, vil måtte gjennomføre grunnutdanning for førarprøvesensorar (TK-studiet). Grunnutdanninga vert avslutta med eksamen.

Kompetansekrav

Du må ha gjennomført minimum 2-årig universitets- eller høgskuleutdanning (høgskulekandidat). Kravet til utdanning kan fravikast om du har fullført 3-årig vidaregående skule i tillegg til relevant trafikal erfaring, for eksempel langtransport eller utrykning.

I tillegg må du

• ha fylt 25 år og hatt førarrett klasse B samanhengande dei siste 5 år

• oppfylle helsekrav for å oppnå førarrett i klasse D

Det vil vere ein fordel dersom du har trafikklærarbakgrunn innanfor førarkortklassane BE, MC og tyngre klassar. I tillegg til at du er fortruleg med bruk av digitale verktøy, er det ønskjeleg med relevant og allsidig praksis.

Dersom du har tatt heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert oversetting av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi legg vekt på at du:

• Er sosial og kommuniserar godt med andre

• Er ein god kundebehandlar

• Er roleg og handlekraftig i krevjande situasjonar

• Har en høg etisk standard og er lojal og pliktoppfyllande i samarbeid med andre

• Har evne til å jobbe sjølvstendig, systematisk og nøyaktig etter gjeldande rutinar

Arbeidsstad for stillinga er Voss trafikkstasjon. Vi har eit stort fokus på å utnytte ressursane våre på tvers i området, og det er viktig at du er innstilt på ein del reising mellom ulike trafikkstasjonar.

Les dette før du søker!

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsløysingane på ditt fagfelt. Me gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikla deg, både fagleg og personleg, i takt med dei nye utfordringane i samfunnet. Me tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Me tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid inkludert moglegheit for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i samband med arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Din lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ønskjer å vera ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Me har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunnar, erfaringar, kompetansar og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Me oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil me kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservera deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngivast. Viss me ikkje kan ta ønsket ditt til følgje, tek me kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt Stein Helle, mobil 990 34 807

Stillingsinfo

Frist10. august 2023
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Stein Helle


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.