Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Førarprøvesensor

Som førarprøvesensor skal du bidra til at våre vegar fyllast av kompetente sjåførar.

Statens vegvesenÅlesund24. januar 2024
Søk her

Kontaktperson

Stein Helle

Leiar

+47 990 34 807

Om stillingane

Vi søkjer deg som er god på kundebehandling og oppteken av trygg atferd i trafikken.

Les meir om det å vere sensor her.

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva er gjennomføring av praktiske førarprøvar i klasse B, men ved behov kan det også verte aktuelt med prøver i andre klassar eller anna trafikktryggleiksarbeid. For den eine stillinga vert det lagt vekt på at søkjar har opplæring og kompetanse på MC.

Den som vert tilsett som sensor, må gjennomføre grunnutdanning for førarprøvesensorar (TK-studiet). Grunnutdanninga avsluttast med eksamen.

Kompetansekrav

Du må ha gjennomført minimum 2-årig universitets- eller høgskuleutdanning (høgskulekandidat). Kravet til utdanning kan fråvikast dersom du har fullført 3-årig vidaregåande skule innan transportfag eller liknande.

I tillegg må du

• ha fylt 25 år og hatt førarett klasse B samanhengande dei siste 5 åra

• oppfylle helsekrava for å oppnå førarett i klasse D

• ha relevant trafikkfagleg kompetanse ut over førarett klasse B

Det vil vere ein fordel dersom du har trafikklærarbakgrunn, men du må uansett vere over middels oppteken av trafikk og trafikktryggleiksarbeid.

Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ein autorisert omsetjing av dine papir og godkjenning frå HKDIR.

I tillegg legg vi vekt på at du:

• kommuniserar godt med ulike typar menneske

• har god trafikkforståing og gode køyreferdigheiter

• er van med bruk av digitale verktøy

• beherskar godt skriftleg og munnleg engelsk, i tillegg til norsk

• samarbeider og bidrar til eit godt arbeidsmiljø

• har førarett og erfaring innanfor fleire klassar, som mellom anna BE, MC og tyngre klassar

• arbeider ryddig og strukturert

Arbeidsstad for stillinga er Ålesund trafikkstasjon. Vi har stort fokus på å utnytte ressursane våre på tvers i området, og det er viktig at du er innstilt på ein del reising mellom ulike trafikkstasjonar.

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt leiar Stein Helle på telefon +47 990 34 807

Stillingsinfo

Frist24. januar 2024
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Stein Helle

Leiar


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.