Fristen for annonsen har gått ut

Fagansvar /byggjeleiing
Blir du med i arbeidet som sikrar god framkomme inn til Bergen?
Fagansvar/byggjeleiing drift OPS knytt til Rv 555 Sotrasambandet
OPS er vegutbygging i offentlig-privat-samarbeid der eit privat selskap har totalansvar for ei vegstrekning i 20-25 år. Les meir om OPS og strekningane her.
Nytt Sotrasamband omfattar bygging av 9,4 km firefelts veg på Rv. 555 frå kryss med fv. 562 ved Storavatnet i Bergen til kryss ved fv. 561 ved Kolltveit i Øygarden kommune. Om lag 4,6 km går i tunnel.
Drift OPS treng no ein teknisk ressursperson til å vera med i byggjefasen, og deretter vidare i driftsfasen (frå vegopning) knytt til samarbeid med, og oppfølging av leveransane til OPS selskapet. Divisjon drift og vedlikehald er også vegeigar for strekninga.
Kontorstad: I byggjefasen på prosjektkontoret, pr i dag på Straume. Etter opning av strekninga i 2027 vil lokalisering bli saman med vårt driftsmiljø i Bergensområdet.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- Bidra med driftsperspektiv til utbyggingsprosjektet.
- Fagansvar for drift og vedlikehold OPS med oppgåver over eit breitt spekter.
- Koordinering og samhandling med Statens vegvesens øvrige driftsorganisasjon.
- Byggjeleiing/leveranseoppfølging i driftsfase av OPS leveransen. I driftsfasen er OPS seksjonen ansvarleg for oppfølging av OPS totalleveransen til selskapet på strekninga. Me utøver også rolla som vegeigar.
- Kontakt og møte med OPS leverandøren, og underleverandørane deira i oppgåver som har med drift og vedlikehald å gjera.
- Kontakt og samarbeid med andre delar av Statens vegvesens organisasjon, og eksterne.
- Stillinga kan bli tillagd oppgåver i oppfølging av andre OPS strekningar.
Kompetansekrav
- Minimum 3-årig utdanning frå universitet eller høgskule innan relevant fagfelt.
- Arbeidsoppgåvene krev god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
- Førarkort klasse B.
- Erfaring frå drift og vedlikehald er ønskjeleg. Annan relevant erfaring i kombinasjon med utdanning vil også bli vurdert.
For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå aktuelle fagområde, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning vurderast fråvike.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår me ei autorisert omsetjing av papira og godkjenninga dine frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Vi vil også leggja vekt på:
- Du må kunna arbeida strukturert og sjølvstendig
- Du må ta initiativ og vera resultatorientert
- Ha gode samarbeidsevner, og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar vil vektleggjast
- Du må ha gode IT-kunnskapar og meistra dagleg bruk av nødvendig IT-verktøy.
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Ta kontakt med: Olav Sveen, seksjonssjef OPS tlf: +47 974 13 911
Stillingsinfo
Kontaktperson
Stillingstyper

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.
Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.
Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.