Dataingeniør med databasefokus

Vil du byggje gode datagrunnlag – utan å bli ein rein plattformutviklar?

Statens vegvesen Bergen2. mars 2026
Søk her

Kontaktperson

Nina Eiri

Avdelingsdirektør

+47 473 25 209

Nøkkelord

DataingeniørDatamodelleringSQLPythonRelasjonsdatabaser

Dette er rolla for deg som trivst tett på dataa, elskar gode datamodellar og effektive spørringar – men som også liker litt lett data engineering‑arbeid utan å vere rein plattformutviklar.

Som Data Engineer med databasefokus får du ei nøkkelrolle i arbeidet til Statens vegvesen med å bruke data smartare for auka trafikksikkerheit, betre kundeløysingar og meir effektiv drift. Du blir ein viktig bidragsytar i eit fagmiljø i vekst – der du jobbar tett med både analysemiljø, forvaltarar og systemeigarar, og sørgjer for at data er tilgjengelege, forståelege og brukbare.

Arbeidsoppgåver

  • Tilretteleggje data frå ulike system for analyse og innsikt
  • Skrive og optimalisere avanserte SQL-spørringar
  • Utvikle gode datamodellar og strukturerte datasett
  • Støtte analyse‑ og BI‑team med gjenbrukbare og kvalitetssikra datauttrekk
  • Byggje og vedlikehalde enkle dataflytar og automatiserte prosessar (ELT/ETL light)
  • Samarbeide tett med systemforvaltarar, analytikarar og systemeigarar for å forstå behov og omsette dei til tekniske løysingar
  • Bidra med forbetringsforslag, dokumentasjon og testing av nye verktøy og metodar

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.

Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
  • God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
  • Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
  • Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
  • Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen

Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Kvalifikasjonskrav

  • Minimum bachelorgrad innan matematiske, økonomiske eller tekniske fag, gjerne med relevante spesialiseringar. Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring med SQL og relasjonsdatabasar
  • Erfaring med datamodellering, datastrukturar og analysevennlege modellar
  • Erfaring med ELT/ETL‑prosessar
  • Kompetanse i Python på script‑nivå til databehandling/automatisering
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Det er ein fordel om du òg har:

  • Kjennskap til DataOps/DevOps
  • Forståing for informasjonssikkerheit, datakvalitet og personvern

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, rår vi til autorisert omsetjing av dokumenta dine og godkjenning frå HKDIR.

Stillinga føreset at du kan autoriserast til BEGRENSET etter sikkerheitslova sine bestemmelsar før tilsetjing.
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er sikkerheitsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.

Vi trur at du lukkast hos oss dersom du er:

  • God til å samarbeide og i stand til å formidle teknisk innhald på ein forståeleg måte
  • Praktisk og målretta i arbeidet med data, og trivst med å forstå underliggjande datamodellar og gjere dei nyttige for andre
  • Sjølvdriven og initiativrik – du tek ansvar, jobbar sjølvstendig og ser moglegheiter for forbetring

Om søknadsprosessen

Krav til søknaden

Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.

Testar og bakgrunnssjekk

For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Testane gir verdifull innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og bidreg til ei rettferdig og objektiv vurdering.

Som ein del av rekrutteringsprosessen gjennomfører vi bakgrunnssjekk i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykket på kandidaten, og tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk.

Positiv særbehandling

Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.

Stillingsinfo

Frist2. mars 2026

Kontaktperson

Nina Eiri

Avdelingsdirektør


Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.