Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Byggjeleiar 

Byggjeleiar for vedlikehaldsprosjekt i «Hordaland»

Statens vegvesenBergen2. januar 2025
Søk her

Kontaktperson

Jens-Ivar Nilsen

Seksjonsleiar

jens-ivar.nilsen@vegvesen.no

Me har ledig arbeidsområde som byggjeleiar for vedlikehaldsprosjekt i «Hordaland»

Stillinga er plassert i avdeling Drift og Vedlikehold vest, seksjon vedlikehald 1, og har kontorplass Bergen. I hovudsak vil prosjekta tilhøyrande denne stillinga liggja i gamle «Hordaland» fylke, men heile avdelingsområdet som er Rogaland og Vetland kan vera aktuelt for prosjekt.

Det må i stillinga påreknast reiseverksemd, særleg på dagtid, då prosjekt kan vera spreidd geografisk.

Ansvar og arbeidsoppgåver

Som byggjeleiar for vedlikehaldsprosjekt er dei fleste oppgåvene dine knytt til veg og tunnel, men også elektro knytt til desse. Hovudoppgåva vil vera utforming og koordinering av kontraktar, og dessutan utføring og oppfølging av tiltak/prosjekt som skal utførast i regi av drift og vedlikehald. Du vil styra prosjekt/tiltak for å gjennomføra dei enkelte tiltaka på mest mogleg effektiv måte. Vidare skal du bidra til at seksjonen er effektiv og jobbar til trafikantanes beste.

Du vil arbeida tett saman med, prosjektleiarar, byggjeleiarar, og kontrollingeniørar på seksjonen. Du vil og vera jamleg i kontakt med andre i vegvesenet, entreprenørar, offentlege etatar, grunneigarar, media, og andre som blir påverka av driftsoppgåvene.

Dei mest sentrale arbeidsoppgåvene vil vera:

  • Utarbeida konkurransegrunnlag for entreprisearbeid og gjennomføra arbeid fram til inngått kontrakt.
  • Oppfølging av kontrakt mot entreprenør når det gjeld HMS, kvalitet, økonomi og framdrift
  • Rapportering av HMS, kvalitet, økonomi, framdrift på prosjekta til prosjektleiar
  • Byggjeleiar vil ha ansvar for å gjennomføra byggjemøte og andre møter med entreprenør, og dessutan koordinera arbeid med andre faggrupper, seksjonar og etatar.

Kompetansekrav

  • Du må ha bachelor innan relevant fag. For kandidatar med sterk og allsidig praksis, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan utdanningskravet fråvikast.
  • Vidare må du ha erfaring frå minst eit av områda anlegg, tunnel eller elektro/automasjon(industri eller samferdsel). Erfaring frå fleire av desse er ein fordel, og ei tverrfagleg interesse er nødvendig.
  • Du må ha førarkort klasse B
  • Du kommuniserer på ein klar, presis og strukturert måte, både munnleg og skriftleg. Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, krev me ei autorisert omsetjing av papira og godkjenninga dine frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).Det vil òg bli lagde vekt på:
  • Erfaring frå byggje- eller prosjektleiing
  • Kompetanse med bruk av digitale verktøy for oppfølging og rapportering
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå kontraktarbeid for samferdselsanlegg, og erfaring med byggje- og/eller prosjektleiing. Spesifikk erfaring frå/med tunnel er ein fordel, då me er i eit tunelltett område.

Kven er du som person?

Me søkjer etter ein person som har gode evner til å samarbeida, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø. I denne rolla er det viktig at du er fleksibel, initiativrik og løysingsorientert. Du er strukturert og evnar å arbeida sjølvstendig. Du bør vera ryddig og ha gode samarbeidsevner og godt humør. Bidraget ditt vil vera viktig for eit godt resultat for heile

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med seksjonsleiar Jens-Ivar Nilsen, jens-ivar.nilsen@vegvesen.no, telefon +47 951 31 344

Stillingsinfo

Frist2. januar 2025

Kontaktperson

Jens-Ivar Nilsen

Seksjonsleiar


Stillingstyper

Fast ansettelse,Ledelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.