Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Byggeleiar Prosjekt Byvekstavtale Bergen

Statens vegvesenP.t. prosjektkontor i Nygårdsporten10. mai 2023
Søk her

Kontaktperson

Beate Riisnæs

Prosjektleiar

+47 962 36 913

Statens vegvesen har ledig stilling som byggjeleiar og søkjer etter ein person med kompetanse innan vegbygging og oppfølging av entreprisekontraktar.

Stillinga er knytt til Utbyggingsdivisjonen, Prosjekt Byvekstavtale Bergen som omfattar fleire prosjekt i Bergen. I første omgang er stillinga knytt til bygging av ny E39 Sykkelstamveg frå Nesttun til Skjold på eksisterande gang/sykkelveg langs Fanavegen i Bergen kommune.

Kontorstad blir på prosjektkontor til Byvekstavtale Bergen pr. i dag i Nygårdsporten.

Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere

  • Utarbeide konkurransegrunnlag for entreprisearbeid og delta i anskaffelse av kontraktar
  • Følgje opp kontrakten med entreprenør mht. HMS, kvalitet, økonomi og framdrift
  • Rapportere til prosjektleiar på HMS, kvalitet, økonomi og framdrift på prosjektet
  • Byggeleiar vil ha ansvar for å gjennomføre byggemøter og andre møter med entreprenør, samt koordinere arbeid med andre faggrupper, seksjonar og etatar
  • Arbeidsleiaransvar for kontrollingeniørane innan fagområdet

Kompetansekrav

Utdanning frå universitet eller høgskule minimum 3 år med relevant fagkrins, jfr. beskriving over.

For kandidatar med 2-årig teknisk fagskule, samt sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Du må ha førerkort klasse B.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi vektlegg

  • erfaring frå bygge- eller prosjektleiing
  • gode evner til å samarbeide og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • at du er fleksibel, initiativrik og løysingsorientert
  • gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • at du er strukturert og sjølvstendig
  • nødvendige IT-ferdigheter for oppfølging og rapportering

Les dette før du søker!

Fyll inn søknadsskjemaet nøyaktig!

På grunn av krava til utvida søkarlister må felta for utdanning og erfaring fyllast ut. Det er ikkje tilstrekkeleg å kun legge ved CV. Legg også ved relevante vitnemål og attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald gjer at vi blir betre på å løyse oppgåvene våre. Vi ønskjer fleire medarbeidarar med nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn og hol i CVen, så om du kan krysse av for dette i jobbsøkarportalen, oppfordrar vi deg til å gjere det. Får du jobben, vil vi naturligvis legge til rette for deg om du treng det. Avkryssingane vert kun brukt til å syte for at vi vel ut dei rette kandidatane, i tillegg til anonymisert statistikk. Les dette før du krysser av

Søkarlista er offentleg

Openheit og gjennomsiktigheit i forvaltninga er viktig, difor vil alle som søker hjå oss bli sette på den offentlege søkarlista om dei ikkje oppgir ein god grunnfor fritak. Har du bedt om å ikkje bli sett på lista, tek vi kontakt med deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.

Har du spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med prosjektleiar Beate Riisnæs på mobil 962 36 913 om du har spørsmål.

Vi tilbyr

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtida sine løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med våre nye utfordringar.

Vi tilbyr deg også desse godene:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til lån i Statens pensjonskasse
  • gode høve for fagleg påfyll

Løna di vert avtalt i samsvar med vår lønnspolitikk.

Stillingsinfo

Frist10. mai 2023
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Beate Riisnæs

Prosjektleiar


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.