Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Byggeleiar

Er du klar for å leie bygging av beredskapsbruer og sikre trygg ferdsel i Noreg?

Statens vegvesenBjørkelangen eller Molde27. januar 2025
Søk her

Kontaktperson

Øistein Haakonseth Albrechtsen

Kontorsjef

+47 989 96 379

Nøkkelord

ByggeleiarBeredskapIngeniørAnleggBygg

Vil du bygge bruer i beredskapssituasjonar, ha varierte arbeidsdagar med krav til rask omstilling og bidra til ivaretaking av trafikksikkerheita? Då kan dette vere stillinga for deg.

Statens vegvesen har ansvaret for bruberedskapen i Noreg. For å ivareta dette ansvaret har vi bygd opp ei organisasjon med medarbeidarar spreidde over heile landet. Beredskapsbruer blir nytta både ved brutte veg- og ferjeforbindelsar, og som midlertidige bruløysingar på Statens vegvesens anlegg.

Kontorstad for stillinga er Holtermoen brulager eller Molde brulager. Nokre reiseaktivitetar må reknast med i opplæringsperioden, ved beredskapshendingar og planlagde prosjekt.

Arbeidsoppgåver

Dine arbeidsoppgåver vil bestå av

  • byggeleiing, der du skal leie arbeid knytt til montering av beredskapsbruer og midlertidige fergekaier, samt sjølv bidra til monteringa.
  • utøving av prosjektleiing – samhandling med kunde og eksterne ressursar (kranfirma og transportør), samt koordinering med eksterne ressursar for å sikre god logistikk på byggeplassen.
  • gjennomføring av befaringar knytt til behov for beredskapsbruer og midlertidige bruer.
  • deltakelse i prosjektarbeid og støtte prosjekterande ingeniør ved behov.
  • periodiske arbeidsoppgåver vil vere inspeksjonar av midlertidige bruer, premontering på lager og støtte ved anna lagerarbeid.

Kompetansekrav

Du må ha:

  • Relevante fagbrev eller utdanning frå fagskule, helst innan fagområda bygg og anlegg eller logistikk. Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • God muntleg og skriftleg framstillingsvne på norsk.
  • Førarkort klasse B.

Det er ønskjeleg med:

  • Sertifikat på T1-T4,T8, G11 og M4.
  • Erfaring innan leiing eller prosjektleiing.
  • Erfaring med bruk av 3D-teikneprogram.
  • Gode ferdigheiter innan Microsoft 365.
  • Erfaring innan stålarbeid..

Stillinga krev at du må ha eller kunne bli autorisert etter tryggingslova.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som samarbeider godt med andre, deler kunnskap, erfaringar og informasjon, og støttar andre for å nå teamet sine mål. Er du i tillegg interessert i å lære faget, då bruberedskap er eit smalt fagfelt med få personar som har erfaring innan dette, er det avgjerande at du har vilje og evne til å ta til deg læring.

Vi ser etter deg som er sjølvgåande, og som er god på å finne arbeidsoppgåver og prioritere kva arbeidsoppgåver som skal utførast utan detaljstyring frå leiar. Stillinga krev at du tek ansvar for ditt arbeid. Å gjere feil kan få store konsekvensar ved at konstruksjonane vi bygg kollapsar.

Du må ha forståing for ansvaret som ligg til stillinga, og forstå ansvaret eininga har for nasjonen Noreg. Du må kunne bruke kreativitet til å løyse utfordringar. Det vil dukke opp situasjonar som er ukjende, og det vil krevje kreativitet og evne til å tenkje utanfor boksen.

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt kontorsjef Øistein Haakonseth Albrechtsen på tlf. +47 989 96 379 for ein hyggeleg og uforpliktande samtale.

Stillingsinfo

Frist27. januar 2025

Kontaktperson

Øistein Haakonseth Albrechtsen

Kontorsjef


Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig,Ledelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.