
Byggekoordinator og planprosjektleiar
Vil du bli vår nye kollega på Leikanger?
Nøkkelord
Utbyggingsområde vest lyser ut to stillingar:
- Byggekoordinator
- Planprosjektleiar
Stillingane er uavhengige av kvarandre, og du kan søkje på ei eller begge. Kontorstaden for begge stillingane er på Leikanger i Sogndal kommune.
Arbeidet til staben omfattar mellom anna teknisk rådgiving innan anleggsdrift, bistå i vurdering av konkurranseformer, vere med på kostnads- og kalkyle-arbeid, hjelpe til med budsjettering og
prognoseoppfølging på ulike tema slik som finansering og klima. Vidare syte for flyt i planprosjekt og i anleggsgjennomføring, i tillegg til å bidra til fokus med å utvikle fag innan vårt ansvarsområde.
Saman med dyktige og engasjerte kollegaer, skal staben bidra til gjennomføring av dei store vegutbyggingsprosjekta i Vestland og Rogaland fylker som Utbyggingsområde vest har ansvaret for.
Til dette søkjer vi deg som vil vere med å utvikle organisasjonen slik at vi kan møte krav til kompetanse og arbeidsmetodikk på ein open og implementerande måte. I tillegg skal du bidra til
at alle som er involvert i dei store prosjekta får nødvendig støtte og oppfølging.
Arbeidsoppgåver
Som byggekoordinator søker me ein person som har:
- Erfaring frå større infrastrukturprosjekt eller større anleggsprosjekt
- Erfaring med å lage anskaffelses- og kontraktstrategi, samt konkurransegrunnlag, for anleggs- eller byggeprosjekt
- Erfaring med kontraktsforhandlingar og/eller vurdering/tolking av kontraktsdokument
- Erfaring med å lage kostnadsoverslag og kalkylar
- Erfaring med og interesse av å kunne vere pådrivar for at klima og miljø blir endå betre vareteke i anleggsdrifta vår
Som planprosjektleiar søker me ein person som har:
- Erfaring med å leie prosessar med planlegging etter plan- og Bygningslova, spesielt for større infrastrukturtiltak
- Evne til å leie «eigne» planprosjekt der du får budsjettansvar for gjennomføringa
- Kjennskap til vegnormalane og Statens vegvesen sine handbøker elles
- Gode kommunikasjonsevner, spesielt i møtet med andre offentlege etatar, grunneigarar og andre partar som planlegginga råkar
Felles for begge stillingane:
- Bidra ved rapportering-, budsjett- og prognoseprosessar
- Bidra i arbeid og utvikling i regi av Utbyggingsdivisjonen
- Delta i arbeidsgrupper innan anleggsdrift, klima, berekraft, SHA mv, og bidra til utvikling av ny kunnskap og erfaring
- Tileigne deg ny kunnskap og formidle denne vidare til stab og prosjekt, og halde deg oppdatert på arbeid med digitalisering og endring
- Ha god IT-kunnskap på brukarnivå, med evne og interesse for å sette deg inn i nye system
Utdanning og eigenskapar:
- Relevant høgare utdanning frå høgskule/universitet, minimum 3 år. Omfattande og relevant erfaring innan dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk
- Gode samarbeidsevner og løysingsorientert haldning
- Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjinga
Ein del reiseaktivitet må reknast med. Det meste innanfor Vestland og Rogaland, men og i mindre grad utanfor området vårt.
Kvifor skal du velja oss?
I Statens vegvesen blir du ein del av eit kompetent fagmiljø med stort spenn i arbeidsoppgåver og gode moglegheiter til personleg utvikling. Vi legg vekt på det tverrfaglege og samarbeid på tvers
av fagmiljøa. Du vil arbeide tett saman med styringsstaben i divisjonen, prosjektleiarar økonomar og andre fagfolk ute på vegprosjekta våre, i tillegg til å vere ein del av staben.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
- God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
- Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
- Faglig påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Om søknadsprosessen
Krav til søknaden
Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekk
For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finn den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandling
Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Stillingsinfo
Kontaktperson
Stillingstyper

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.
Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.
Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.