Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Bruplanleggjar

Bli ein del av vårt brufaglege team!

Statens vegvesenFlere lokasjoner31. januar 2024
Søk her

Kontaktpersoner

Stein Inge Rasmussen

Leiar

stein.inge.rasmussen@vegvesen.no

Espen Dobakk

Fagkoordinator

Vi treng bruplanleggjar som har interesse for ny teknologi, jobbar sjølvstendig og som liker å løyse utfordrande oppgåver innan modellbasert prosjektering, statikk og dimensjonering av stål og betong.

Arbeidsoppgåver

  • fagleg rettleiing og rådgiving innan fagområdet planlegging, prosjektering og FDV (forvaltning, drift og vedlikehald) av eksisterande bruer og ferjekaiar
  • planlegging og prosjektering av nye bruer og vedlikehaldstiltak, ferjekaiar og andre konstruksjonar

Det vil også vere søkjelys på følgjande oppgåver:

  • delta på inspeksjonar på bru og ferjekai etter behov
  • brufagleg byggherrestøtte under utføring bygging
  • delta i utviklingsarbeid innan fagområdet
  • vurdere og setje i verk ny teknologi og løysingar
  • delta i arbeidet med å setje i verk BIM i forvaltning, drift og vedlikehald
  • prosjekteringsleiing bru- og bruvedlikehaldsprosjekt og dessutan oppfølging av oppgåver som konsulent utfører

Bruseksjonen er del av fagressursavdelinga på divisjon Drift og vedlikehald. Vi er landsdekkjande med 38 medarbeidarar fordelte på 12 kontorstader. Fagressursane våre bidreg i heile livsløpet til vegen - frå planlegging, prosjektering, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning.

Vi har no ledig fast stilling som bruplanleggjar. Arbeidsstad er fortrinnsvis Tromsø, Bodø, Trondheim, Stavanger, Bergen, Molde, Moss og Lillehammer. Andre lokasjonar kan også vere aktuelle. Du må oppgi i søknaden kva for ein kontorstad du ønskjer.

Kompetansekrav

For å kunne fylle arbeidsområdet må du ha min. 3 årig relevant ingeniørutdanning frå universitet eller høgskule innfor fagfeltet. Oppgåvene krev kompetanse innan modellbasert prosjektering, statikk og dimensjonering av stål og betong.

Du må ha førarkort klasse B, og vere god til å formulere deg skriftleg og muntleg på norsk.

Det er ein fordel om du har:

  • praktisk erfaring frå planlegging og prosjektering av samferdselskonstruksjonar
  • generelt gode datakunnskapar og interesse for og kunnskap om prosjekteringsverktøy innan Tekla og eventuelle berekningsprogram
  • erfaring med utføring av modellskildring og gjennomføringsplan i samband med modellbasert prosjektering i samsvar med krav kontroll og godkjenning
  • erfaring innanfor prefabrikkerte betongelement, spennelement
  • kjennskap til vegnormalar og handbøker

Det vil bli lagde vekt på personlege eigenskapar.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt leiar Stein Inge Rasmussen, tlf. 926 53 795 eller e-post stein.inge.rasmussen@vegvesen.no eller fagkoordinator Espen Dobakk, tlf. 971 27 407 eller e-post espen.dobakk@vegvesen.no

Stillingsinfo

Frist31. januar 2024
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktpersoner


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.